Med nylege konsertar i både New York og Toronto, er Annette Gil klar for å servere det ferske albumet sitt til publikum heime under Måløydagene.

Gil synest det har vore lærerikt å opptre på nye plassar, men no gler ho seg til å kome heim på Måløydagene. Då blir ho å sjå både på Jibben, og som ein del av showet i teltet.

– I Måløy har eg vener og familie, og det skapar sjølvsagt ein tryggleik. Dessutan er publikum alltid så engasjert i Måløy, fortel Gil.

Ho legg til at publikum skal få høyre både coverlåtar og låtar frå det nye albumet hennar.

Etter Måløydagane skal artisten mellom anna spele konsert på Lille Ole Bull i Bergen, og seinare ventar Øyafestivalen i Oslo. Etter at artisten slapp sitt andre album Comfortably Young i april, reiste ho rett til New York. Deretter gjekk turen vidare til Toronto og Canadian Music Week. Gil fortel at ho har fått veldig god respons på det nye albumet, og at det går framover.

Ho fortel at det også var spesielt kjekt å møte nye band i løpet av Canadian Music Week.

– Det er alltid god stemning på slike arrangement, og med musikken blir det eit eige fellesskap, seier Gil.

Artisten fortel at turen til USA og Canada blei litt som ei promoteringsrunde. – Eg prøvar å etablere meg i Nord-Amerika, og håpar på å få til plateslepp der, seier ho, og legg til:

– Eg har fått bra respons på det nye albumet, så det ser lovande ut, seier ho.