Violet Road var første band på scena på festivalen Opplev Bremanger laurdag.

Festivalen starta allereie fredag kveld med Rockweekend og jam, før den forsette laurdag med konsertar med Violet Road, Katzenjammer og lokale band. Laurdag kveld blir det konsert med fleire lokale talent før Pumpeorgel Sekstetten og Fagernes Yacht Klubb spelar i sirkusteltet i Iglandsvik.

Den ti dagar lange festivalen byr på eit rikhaldig program. Søndag kveld er det igjen konsert i teltet med Royal Southern Brotherhood frå USA.

Tors­dag er det klart for Tu­pe­lo i Vetvika. Dei spe­ler også fre­dag på Hav­ly.

I tillegg kan ein få med seg kystkulturutstilling med Bre­man­ger Fis­kar­kvin­ne­lag og Bre­man­ger Sanitetforeining, fis­ke­kon­kur­ran­se, tu­rar med Hau­ge­fisk, ak­ti­vi­te­tar i fjæ­ra, dyk­kar­kurs, motbakkeløp for barn i Bjørsvika, sirkusvarieté, ein stor byg­de­fest, motorsagshow, ribbåt, bar­ne­te­a­ter, sal av mat og drik­ke og sjølvsagt ge­ne­rell god fes­ti­val­stem­ning. Det hei­le blir av­slut­ta med Vetenløpet, stand up show og dans med PK & Dan­se­fol­ket på Reidarbua neste helg.