Garanterer sydenstemning

Regn eller dårleg vêr er ingen problem for Carola Strandberg og Carolas Buaspa i Kalvåg. Ho kan nemleg garantere både sol og 30 grader sjølv når meteorologane ikkje kan love dette. I den unike buaspaet kan ein kjenne sand under føtene og nyte solsteiken i rommet forma som ei eksotisk strand. I tillegg kan ein få  heilkroppsmassasje, hot stone-massasje og ulike aromainnpakningar på spaet som ligg på kaikanten i Kalvåg. Infraraud badstue finst der også, og  om ein ønsker det, kan ein også ta eit bad med utsikt til hamnebassenget. Spaet er ope etter avtale, og Carola anbefaler  å booke i god tid, seinast dagen før, om ein vil nyte spaet.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.