Pilegrimsvandring er tema i den sjuande boka til seljeprest Kari Leine Balog (65). Eiga vandring i Aust-Tyskland er bakgrunn.

Kva er ein pilegrim? Det er eit spørsmål forfattarpresten tek opp i boka «Pilegrim rett vest – Med vandresko i Luthers land». Det er ein aukande straum av pilegrimar til nettopp Selje og klosteret på Selja. Men det er ikkje alltid lett å vite kven av turistane som er pilegrimar. Kari Leine Balog meiner det er eit ope spørsmål.

– Eg synest ein prest sa det godt: «Kanskje er det berre Gud som veit kvifor du er på pilegrimsreise». Menneska er så samansette. Men det handlar om innstillinga til det. Det er mykje eksistensiell søking.

Økumenisk

Sjølv om seljepresten har ei sentral rolle i pilegrimsferdene som kvart år blir skipa til i Sunnivaleia frå Kinn til Selja, handlar denne boka om ein 450 kilometer lang pilegrimsveg som i grove trekk går frå Görlitz til Eisenach i Aust-Tyskland – kalla den økumeniske pilegrimsleia. Vegen følgjer ein eldgamal handels- og pilegrimsveg tvers gjennom Europa. Leia er ein Jokobsveg, og har Santiago de Compostela i Spania som mål. Det var ein pilegrim ho tilfeldig delte ein vassmelon med då ho vandra i Spania i 2009, som fortalde henne om vegen.

– Eg meiner som teolog at pilegrimen vart skapt då Adam og Eva vart jaga frå Paradis. Det handlar om lengt etter det gode. Opphavleg var ein pilegrim ein som gav seg på veg mot eit heilag mål, det var avlat. I dag er mange ukjende med religiøse ord som soning, syndtilgjeving, å gjere opp for ting, men eg trur det er ein god del av dette i pilegrimsvandring framleis.

Meistringskjensle

Ikkje minst er det fysisk hardt å gå lange distansar. Ein pilegrim lever enkelt. Sosiale skilnader blir utviska.

– Ein lærer å kjenne kroppen sin. Det fysiske er viktig. Ein oppdagar kroppen sine grenser. Det gjev meistringskjensle og er foryngande. Det er som livet, ei vandring fram mot eit mål som Gud har sett for meg. Vegen er heilt konkret. Det er slit, men mykje glede, seier presten, som mest av alt set pris på møta med menneske langs vegen.