Dette innlegget er skrevet av Roger Malvin Hole fra Nittedal og sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 15. desember.

Bremangerlandet Vindpark – eit svært godt miljøkraftprosjekt

NVE skriv i avslaget om konsesjon til Bremangerlandet Vindpark at dette «er et svært godt vindkraftprosjekt når det gjelder forventet produksjon og tekniske forhold».

Det er derfor lite framtidsretta at prosjektet vart stoppa av NVE. Vi vil tru at ei klage inn til Olje- og energidepartementet, kan gjere om på dette vedtaket.

Ifølgje Norwea har Norge Europas beste vindressurser og meiner at vi må ta dei i bruk. Dette blir ikkje minst viktig no etter ein historisk klimaavtale i Paris. Våre vindressursar kan bli eit bidrag til det grøne skiftet.

Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft var ein av våre representanter i klimatoppmøtet. I eit tidligere intervju svarer ho på kva som er vikig å ta omsyn til ved utbygging av vindkraft: « Vindkraft har en naturlig plass på veien mot fornybarsamfunnet og målet må være å finne de beste prosjektene».

Bremangerlandet Vindpark er eit av dei beste vindkraftprosjekta i Noreg, det har NVE slått fast i konsesjonsbehandlinga. NVE har likevel dessverre avslått konsesjon på grunn av «De samlede visuelle virkningene fra flere vindkraftverk med konsesjon i regionen».

Det er ikkje lett å argumentere mot «det visuelle», men det er feil at dette skal velte eit svært godt vindkraftprosjekt på Bremanger.

For Bremanger kommune er dette eit vesentlig tap då prosjektet kunne ha gitt mange nye arbeidsplassar og ekstra inntekter til kommunen. Derfor støttar kommunestyret og eit stort fleirtall av grunneigarane prosjektet.

Når Ole Stenbakk skriv i Fjordenes Tidende den 12. desember 2015 om «evig ødeleggelse av kyniske forretningsfolk som bare ser kortsiktig profitt!» så er det han som er kortsiktig i sine påstandar.

Bremangerlandet Vindpark er eit langsiktig og lønsomt prosjekt for å sikre fornybar energi og nye miljøarbeidsplassar i Bremanger kommunen.

*Hole ønsker å understreke at han har økonomiske interesser i prosjektet.