Dette innlegget er skrevet av Stein Robert Osdal (KrF), ordfører i Selje kommune.

Svar til Selje Senterparti

Vi har informert om det før men eg kan gjerne informere Selje SP det dei spør om i Fjordenes Tidende tysdag 5. april gjennom avisa. Først må seiast at vi håper at Vanylven landar ned på ein konstellasjon med Selje og Vågsøy. Det trur eg er det beste for både Vanylven, for Selje og Vågsøy. Så kan det skje at Vanylven seier nei til det beste alternativet og vel enten å stå aleine eller å gå nordover.

Kva gjer Selje då?

§ 10.Innbyggjarhøyring

Kommunestyret bør innhente innbyggjarane sine synspunkt på forslag til grenseendring. Høyringa kan skje ved folkerøysting, opinionsundersøking, spørjeundersøking, møte eller på annan måte.

På bakgrunn av denne paragrafen har regjeringa sagt at ein bør enten ha folkerøysting eller opinionsundersøking for å sikre innbyggjarane sin medverknad til denne prosessen.  Selje kommune har i dette tilfelle valt innbyggjarundersøking som riktig verkty i den prosessen. Det er ikkje tid til å gjennomføre ei ny folkerøysting og kvalitativ er ei undersøking betre å foretrekke. Sjå under.

Så i innlegget frå Selje SP skriver dei fylgjande «Så blir det i tynnaste laget å spørje nokre hundre stykke om det er eit alternativ……..» Denne setninga vitnar om manglande kunnskap om kva innbyggjarundersøking er for noko, burde kanskje forvente at Selje SP setter seg inn i sakene på ein betre måte før ein uttaler seg.

Notat frå heimesida til regjeringa beskriver noko om kva innbyggjarundersøking er for noko og vil spesielt gjere lesarane oppmerksam på siste setninga:

Opinionsundersøkelser er en vanlig metode for å hente inn folk synspunkter og oppfatninger i forhold ulike spørsmål og problemstillinger. Opinionsundersøkelser kan legges opp slik at de gir et representativt inntrykk av befolkningens synspunkter med relativt små feilmarginer. Slike undersøkelser forutsetter at man trekker et representativt utvalg av den befolkningsgruppen man ønsker å undersøke. I tillegg gir slike undersøkelser også muligheter for å fange opp mer nyansert synspunkter blant innbyggerne, f.eks. grad av sikkerhet, hvorfor de stemmer det ene eller andre, styrken i standpunktene, forutsetninger for å endre standpunkt o.l. Sånn sett kan en opinionsundersøkelse gi et mer representativt uttrykk for folkemeningen enn en folkeavstemming.

(regjeringen.no – «medvirkning og innbyggerdialog») (innbyggjar og opinion er det same)

Dette sikrar vi med å bruke firma som kan det og at vi lagar relevante spørsmål som innbyggjarane kan svare på.

Selje SP kan vere trygge på at ordføraren i Selje vil sikre innbyggjarmedverknaden på ein god måte. Derfor har vi gjort det på den måten som er skissert over og denne prosessen er og forankra i vår lokal styringsgruppe som består av formannskapet, hovudtillitsvalte i kommunen og uavhengig representant. For endeleg, beslutninga om kva vei Selje skal velje inn i framtida ligg til 17 valte kommunestyrepolitikarar som møtes 23. juni.