Dette innlegget er skrevet av Raymond E. Myren, leiar i Selje KrF:

Flaskehals nr.1 FV 620 Sandvik - Kjøde

Det er fint å bu på Stadlandet i Selje kommune. Det er fint å feriere på Stadlandet i Selje kommune og det er også fint å ha sitt arbeid på Stadlandet i Selje kommune. Vi ser at stadig fleire oppdagar dette og søkjer utover mot det rolege landsens livet, der du kan høyre graset gro medan sauene beitar på fjellet og havørna vaktar Stadplatået på sin eigen måte.

Fleire bedrifter er i vekst her ute. Ikkje på grunn av at alle forutsettingar ligg gladeleg til rette for det, men heller på tross av både skrøpeleg vegtilkomst, avstandar til marknaden, fråvere av teneleg fødetilbod, og andre goder som normalt bygger oppunder vekst i eit lokalsamfunn.

Her er mange bedriftsleiarar som strekkjer seg langt for å halde hjula i gang med hovudsete på Leikanger/Stadlandet i Selje kommune. Ein kan nemne Per Stave AS (Fiskemottak), Stadt bygg (Betongleverandør), Stad pipe AS (rørsystemer), Dragebygg AS, Honningsvåg maskin AS (maskinentreprenør), Ervik havfiske (med fleire datterselskap og serviceavd), trur eg stansar der. Fleire kunne vore nemnde, men desse bedriftene står nok for største delen av tungtransporten over fylkesveg 620 Sandvik - Kjøde. Til saman har her vore ei stor auke i transport til og frå Leikanger med varer av ulike slag. Bygdene har fostra mange leiarar som er opptekne av at vi skal få det til sjølv om geografien står oss i mot, sjølv om kommunen ikkje har musklar for tilrettelegging, sjølv om marknaden vår ikkje er akkurat her, sjølv om det finns betre vilkår nærmare sentrum. Her er ein kultur for å overvinne utfordringar, og den er gull verd.

Eit samla kommunestyre har sett kor vikitg vegstrekninga Sandvik - Kjøde er. Det har vore sendt inn mange innspel til transportplanar på ulike nivå og anna frå langt tilbake fram til no. Enkeltpolitikarar har lyfta saka gong etter gong; Vi treng ny veg mellom Sandvik og Kjøde!Vår utfordring er å kommunisere dette inn til fylkestinget så godt at denne vegen vert lyfta fram og prioritert på topp. Særskilt er dette viktig akkurat no, då skipstunnellen kjem og vi får anleggsaktivitet i den eine enden, med ubegripelige mengder stein så lett tilgjengelig at det blir for dumt å ikkje nytte seg av den her. Eg forstår at ordførar og rådmann jobbar med saken. Kommunestyret har mange gongar vore samstemte i å prioritere strekninga. Alle som er opptekne av å få fjerna denne storeflaskehalsen må vere med å lyfte saka! når skipstunnellen byrjast på, vil vi oppleve eit enormt trykk med trafikk på denne vegen. Anleggstrafikken vil auke , og turistar og andre nyfikne vil belaste vegen på ein heilt annan måte enn det vi har sett fram til i dag. Vegen burde faktisk vore bygd FØR skipstunnellen kjem.

I tillegg til dei nemnde næringsgreinene må det seiast at vi ser ei stor auke i privatbiltrafikken også. Det meste er knytt opp mot surfe/turistnæringa. Denne trafikken er framleis aukande.

Landet vårt kan liknast med ein kropp, der sentrale strok kan symbolisere hovud og sentrale organ. Distrikta vil då sjå ut som hender og føter som er i rørsle og skaper noko heile tida. Det vart fortalt at inuitane har utvikla ein ekstra funksjon i sin kropp. Når det vert kaldt, så sender kroppen ekstra mykje blod til hender og føter for å halde temperaturen oppe i dei arbeidande lemene. Soleis kan ein overleve på stadar der ingen skulle tru at nokon kunne arbeide. Slik må også staten og fylkestinget tenke. Der vi ser eit grunnlag med drivande dyktige næringslivsaktørar ute i dei ytste kantane, som yter på ein måte som bygger heile regionen, ja då må ein prioritere kommunikasjonsårane dit. Elles vil vi sjå at samfunnet vi lever i får «blodpropp».

Trykket blir for stort i flaskehalsen og «botnen fell ut or flaska».