Sogn og Fjordane Sau og Geit har skrevet dette innlegget:

Hugs bandtvang

Fleire gongar i løpet av beitesesongen, får ein informasjon om småfe som er skada eller drepne av laushundar.

Vi vil minne om at det er generell bandtvang i perioden frå 1. april til 20.august. I tillegg er det mange kommunar som har vedteke forskrift om utvida periode for bandtvang.

Ein vil og oppmode hundeeigarar som ferdast i beiteområder med hunden, om å gjennomføre aversjonstrening av hunden.

Vi ønskjer alle hundeeigarar, med hunden i band i beitesesongen, god tur i beiteområdet. Husk å late att grindar.