Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) frå Eid har skreve dette innlegget:

Det bør løne seg å velje grønt

Budsjettforhandlignane har gått i stå, og problemet er den klimapolitiske avstanden mellom Frp og Venstre. Det er kanskje ikkje så overraskande. Meir overraskande er det at fleire argumenterer for at Frp si klimavegring er bra for distrikta. Det meiner eg er ei misforståing.

Klimaendringane er allereie i gong. Det merkar millionar av menneske som står i fare for å miste heimane sine på grunn av ørkenspreiing og stigande havnivå. Men det merkar vi også her heime. Meir ekstremvêr råkar oss. Og dersom ingen har lagt merke til det, så er det altså ikkje folk i byane som lever under stadige trugsmål om skredfare, elvar som fløymer over og orkanar. Det er oss i distrikta. Vi har ei felles interesse i å stabilisere klimaet på jorda vår, og den jobben må vi alle vere med på.

Fossilsamfunnet er sentraliserande. 95 prosent av verdiskapinga i oljenæringa knytt til nokre få bedriftsmiljø med ekstrem inntening rundt dei store byane; Oslo, Bergen, Stavanger. Store multinasjonale selskap styrer butikken. Kvifor skal distrikta ta på seg jobben med å vere fossilindustrien sitt talerøyr?

Fornybarnæringa, derimot, er lokal. På grunn av tøffe klimakrav frå Venstre, kjem Lote-Anda om eitt år til å bli landets første heilektriske ferjesamband. Det betyr at ferja som før tøffa over Nordfjorden på fossilt drivstoff frå multinasjonale selskap, no skal gå på lokal, fornybar energi levert av SFE. Det betyr at verdiskapinga blir igjen i Sogn og Fjordane. Når vi stiller tøffare krav til innblanding og bruk av biodrivstoff, er det bra for skognæringa. Og når ein no er i gong med eit spanande initiativ med produksjon av hydrogen i Årdal, har dette kimen i seg til å bli eit nytt industrieventyr. Men korleis skal dei klare å konkurrere, om vi ikkje aukar CO2-avgifta for dei fossile konkurrentane?

Diskusjonen om det grøne skiftet handlar om veldig mange ting. I media har den i det siste handla mest om bil. Det er forståeleg, sidan bilen er viktig for mange. Og la det vere heilt klart: Det er ingen som seier at folk skal slutte å køyre bil. I nesten heile landet er bilen det soleklare og beste alternativet for folk. Men det vi må få til, er at dei mest miljøvenlege bilane er dei som det lønar seg mest for familien å kjøpe. Vi skiftar alle bil frå tid til annan. Då må reknestykket rett og slett vere slik at du får meir igjen for pengane av å kjøpe ein miljøvenleg bil, enn ein fossilbil. Heldigvis gjer teknologiutviklina at dei grøne bilane blir stadig meir attraktive, men dei treng også litt hjelp av skattesystemet.

Eg køyrer sjølv dieselbil. Fordi då eg kjøpte bil for nokre år sidan, var det det einaste gode alternativet i Sogn og Fjordane. No kjem det mange gode alternativ, både elbilar som Opel Ampere, med 500 kilometer rekkevidde, og ikkje minst ladbare hybridbilar. Jobben er å sørgje for at folk vel desse. Då kan vi ikkje, som regjeringa føresler, føre ein avgiftspolitikk som gjer at fossilbilane blir billegare og dei miljøvenlege bilane blir dyrare.

I tillegg til å endre bilavgiftene så det løner seg for produsentane å lage miljøvenlege bilar, må vi investere meir i hurtigladestasjonar i distrikta. Dette er også ein viktig del av diskusjonane om statsbudsjettet. Venstre vil investere meir for legge til rette for dette, og håpar å få med oss regjeringa.

Det står store ting på spel for fylket vårt i denne budsjettprosessen. Titals millionar kroner ligg på bordet frå Venstre i krav om meir midlar til breibandsutbytting, meir til skredsikring og meir til fylkeskommunen så vi unngår skulenedleggingar. Her har tøffe diskusjonar med H/Frp-regjeringa, men har så langt ikkje nådd fram. Det er av avgjerande viktigheit for fylket at Venstre vinn denne kampen, og at vi får eit budsjett der Sogn og Fjordane samla sett kjem betre ut.

Å stille ultimatum som mindretalsregjering er sjeldan ein god idé. No står det mange ting på spel for fylket vårt. Men eg ser ingen grunn til at vi skal stille oss på lag med fossilindustrien og gjere oss til nyttige talerøyr for denne. Framtida er fornybar, og det er i distrikta vi verkeleg kan kome godt ut av det grøne skiftet.