Torfinn Kråkenes frå Kråkenes har skriven dette innlegget. Det sto på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 6. desember.

I Fjordenes Tidende tysdag 22. november, hadde Helge Hjelle eit innlegg med overskrifta «Destinasjon Måløy», der han etterlyste satsing, og tilrettelegging for at Måløy kan bli ein ettertrakta cruisedestinasjon. Vidare skriv Hjelle at «vi har mange moglegheiter for opplevingar, men desse må også leggast til rette for. Det nyttar lite å reklamere for Kråkenes fyr som er stengt for publikum».

Det vart i ein periode også drive kafé på Kråkenes fyr, truleg er det den drifta Hjelle tenker på, og saknar.

Korleis fyret skal drivast, står naturlegvis vertskapet fritt til å avgjere. Føresetnaden for at Kystverket leiger ut anlegga sine, er nettopp at anlegga skal kunne nyttiggjerast av publikum. Kråkenes fyr vert drive heilt etter føresetnadane, og har fått mykje skryt, og gode ord, frå Kystverket sine representantar. Eg pratar ofte med gjestar, som bur der, og det er unison begeistring for dette tilbodet. Kvaliteten på romma, den fredfulle atmosfæren, og ikkje minst vertskapet, (fyrvertinna) som vert omtalt med store ord og begeistring.

Hendanes fyr er eit godt bevis på raskt forfall, når desse vêrutsette bygga ikkje vert tekne hand om. Der ligg det ei glimrande utfordring for Hjelle, Vågsøy kommune, og elles andre «eldsjeler», for å prøve seg. Nokre tusentals timar med oppussing må påreknast, for sidan å drive med dagleg opningstid, med kafé, samt mottak av overnattingsgjestar. Det har ikkje «gjort seg sjølv» at Kråkenes fyr framstår i dag, som eit av Nordsjøbassengets mest kjente, og velstelte fyranlegg.

Så kan ein spørje, kva innsats har Vågsøy kommune, eller tidlegare representantar for denne, bidrege med, for å gjere i alle fall to av dei fire fyra i Vågsøy «attraktive» som turistmål, og «tilgjengelege for publikum» året gjennom? I staden for å kome med eit lite «stikk i sida» til Kråkenes fyr, og noverande driftsform, burde Hjelle, og alle andre, snakke i rosande ordlag, om det som skjer, både på Ulvesund og Kråkenes fyr. Det er langt frå sjølvsagt at der skjer noko som helst av aktivitetar.

Aktivitetar tufta på «ildsjelers engasjement» har gjerne vist seg å vere svært sårbare for små endringar i livssituasjonen for desse. Det er eit utal av arbeidstimar, blod, sveitte og tårer, samt personlege forsakingar, som ligg bak, for at desse anlegga framstår som dei gjer i dag. Dette, for at entusiastiske sjeler ynskjer å realisere nokre draumar, òg om mogleg skaffe seg litt inntekter av slitet.

Truleg har tusenar av besøkande kome til Vågsøy, eins ærend, for å vitje desse to stadane, gjennom åra. Kanskje har handelsstanden hausta litt gode av dette. Ein skal ikkje sjå vekk frå at den marknadsføringa desse to stadane har drive, også er «gull verdt» for det prosjektet Hjelle ser føre seg i framtida.

Busslaster med turistar, har også vore på vitjing her ute ved fleire høve. Kanskje i framtida, vil dette også skje frå cruiseanløp frå Måløy hamn.

Kråkenes fyr er ikkje dimensjonert for å ta imot busslaster med turistar. Korkje lokale, eller toalettforholda er dimensjonerte for slikt. Eg kan minne om at fyra var bygde med tanke på ein familie. «Toalettforhold» finst det heller ikkje ved parkeringsplassen. Fjøra er staden for slikt. Ein kan ikkje klandre folk for dette. «Må ein, så må ein». Same utfordringa har vi med søppelet. Kanskje ikkje noko stort problem, folk er ganske flinke, men ein kan finne flasker, eingongsgrillar, og generelt småsøppel, kring om. Tidlegare stod det ein plastkontainer for formålet, men den var full lenge før tømming, og folk sette søppelposane ved sida av. Spennande, og kjekt for rev og ramn.

Kanskje det kunne vere ei utfordring til Hjelle, å få til ei ordning på dette, uansett om tanken er å sende busslaster med cruiseturistar til Kråkenesbygda, eller ikkje. Eg er usamd med Helge Hjelle, i at det ikkje «nyttar» å marknadsføre Kråkenes fyr som ein attraksjon i kommunen, sidan fyret ikkje er ope på dagtid. Men eg er einig i at Vågsøy har veldig mykje natur å tilby turistar. Eit dagsbesøk til Kråkenes fyr, er uansett ei flott oppleving, sjølv om der ikkje lenger er kafédrift.