Karl Egil Johansen har skrive dette lesarinnlegget:

Å leve på Flora sin velvilje

Mange har reagert på namnet til den påemna storkommunen – at Vågsøy skal bli del av Kinn kommune. Det mest spenstige alternativet som har kome opp til no er etter mitt syn Klovningen.

Mens klova i fjellet ute på Kinn ikkje er særleg stor, så er avstanden mellom det sørlegaste punktet i Vågsøy (Gangsøya) og det nordlegaste i Flora (Hovden) ca. 30 km i luftlinje. Reiseavstanden mellom dagens kommunesent, Florø og Måløy, er sjølvsagt endå lenger.

Aldri tidlegare i norsk kommunehistorie har ein hatt ein slik kommune. Utruleg nok synest ikkje den ansvarlege statsråden å ha motførestillingar mot ein slik «bastard».

Det verste er likevel ikkje namnet. Om ein fyrst skal slå saman kommunar, er ein stor og livskraftig kystkommune utan tvil det beste alternativet for Vågsøy. Men det burde, som Kåre Furnes har påpeika i eit innlegg, vere ein kommune frå Flora i sør til Selje i nord, og i alle fall med Bremanger. Med berre Flora og Vågsøy blir det stor ubalanse. I politikken er det «kjøtvekta» som rår, og med dobbelt så mange innbyggjarar som Vågsøy sit Flora med bukta og begge endane i kommunestyringa. Rett nok synest Flora før samanslåinga å vere fulle av velvilje, no sist med løfte om å sjå på skulestrukturen på nytt. For folk på Bryggja og Holvik må dette høyrest forlokkande ut. Men det spørst om velviljen er like stor den dagen samanslåinga er eit faktum.

I Vågsøy har vi elles visse erfaringar med samanslåingar. Det er freistande å dra inn fotballen, med samanslåinga av Tornado og Måløy. Optimismen var stor, men forventningane har på ingen måte slege til. I dag er interessa og engasjementet, i alle fall i Nord-Vågsøy, på nullpunktet. Dette kan ha fleire grunnar, men framfor alt at den lokale identifikasjonen og identiteten som «gamle» Tornado representerte, heilt har forsvunne. Dette er ein faktor som ein heller ikkje skal undervurdere når det gjeld samanslåing av kommunar.

I si tid vart også Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy kommune slegne saman (1964). Vurderinga av denne samanslåinga kan variere, men mange «nord for Skåra» og i andre delar av kommunen har irritert seg over at Måløy har fått ein så dominerande posisjon. Eller som ein sa til meg: «Sjå kor det blir pynta og stelt i Måløy, på Raudeberg har vi ikkje fått ein blomsterkvast.»

At ein ønskjer å ruste opp og vise fram sentrum, gjeld overalt (– ikkje minst her i Bergen, der mange av oss utflytte vågsøyværingar bur). Med Flora-Vågsøy konstruksjonen kan dei som bur i Måløy få oppleve litt av det same når Florø skal vere kommunesenter. Og det gjeld meir handfaste og viktige saker enn litt pynt i gatene.

Til slutt. På folkemøtet i førre veke vart det sagt at det er no toget går og det er berre «å hive seg på». Men alle som skal reise med tog veit at det ikkje berre er å hive seg på det fyrste og beste toget utan å vite kor det går. Då kjem du fort skeivt ut, og ikkje alltid er det så lett å gjere vendereis heller.

Nei, du må lese rutetabellen nøye og vente til det kjem eit tog som fører deg dit du vil. Dei som sit i kommunestyringa skuldar folket i Vågsøy at dei les rutetabellen minst ein gong til før dei hiver seg på Flora-toget.