Lesarinnlegget er skrive av Kåre Heggen frå Volda.

I si interessante bok frå 2003 om Historiske streiftog på Frøya og Kalvåg» skriv professor Paul Frøyen om «Øya i eventyrland», «denne furete og kuperte øya som har nesten alt». På vestsida av øya, ut mot dei rike fiskefelta, finn ein restar av eldgamle rorbuer, der langvegsfarande båtlag, truleg både frå lenger sør på kysten og m.a. frå Sunnmøre, hadde laga seg rorbuer der dei budde når sildefisket slo til.

Dei rike fiskeria rett utanfor øya, har alltid vore grunnlaget for aktiviteten på Frøya og i Kalvåg. Frøyen skriv at det var dette som lokka fiskarar og fangstmenn til gode fangs- og fiskeplassar, og han viser til over 5.000 år gamle kystbuplassar her.

Vågen, vend mot søraust, lagleg i ly for sør- eller nordvesten, som kan vere hard her ute, kunne rundt 1900 vere full av dampbåtar og jekter som søkte ly, eller som venta på silda – på det meste mange tusen menneske i Kalvåg. Denne gunstige plasseringa i høve veret, som ofte kan vere hardt ute på kysten, merkar ein også i dag. Sola glyttar litt oftare fram her ute og ein ser at skyene slepper regnet først når dei møter fjella lenger inne i fjorden.

Den økonomiske aktiviteten knytt til dei rike fiskeria – sildesalting og utstyr og proviant til båtane, vart spiren til den aktiviteten som seinare skulle utvikle seg her – i dag framleis mottak og foredling av fisk, men også langt meir.

Det som har utvikla seg på dette grunnlaget er eit lite eventyr i seg sjølv. Og då kjem ein ikkje utanom Svein Inge Fosse og familie, med aner nettopp i utstyrshandel. Knutholmen er utvikla til ein turistmagnet på kysten. Sjølv kom eg litt tilfeldig hit for nesten 15 år sidan, vart fascinert av staden, og har sidan brukt helgar og feriar for å utnytte dei muligheitene Kalvåg kan by på. Det er ikkje lite, verken når det gjeld natur, kultur eller næringsaktivitet. Ikkje berre turisme, men også framtidsretta fiskemottak, fiskeforedling og moderne kaianlegg.

Her er utvikla tilbodet på nesten alle plan: overnattings- og hotellfasilitetar, restaurant, lokale for seminar og konferansar, tilhøyrande butikk, no med til og med eigen sjokoladefabrikk. Ein har ikkje vore redd for å satse, fordi tilbodet heile tida må forbetrast for å vekkje interesse for kravstore turistar. Tilbodet og servicen på Knutholmen er slik ein ikkje finn i kvar tettstad, for å seie det forsiktig.

Då vi «oppdaga» Kalvåg var staden lite kjend, i alle fall nord om fylkesgrensa. Det har endra seg. Staden har fått eit ry som eit mangfaldig og sjarmerande fiskever og ei god båthamn, sørover langs kysten, men også nord om grensa til Sunnmøre. Og det viktige er at ei slik utvikling truleg ikkje konkurrerer ut andre – tvert i mot er det ei slags «Sareptas krukke».

Når båtfolket vil til Kalvåg, ser dei ikkje berre denne staden, men samstundes kva Florø eller Måløy har å by på, og når sunnmøringane søkjer sørom grensa, oppdagar dei den gode utviklinga som skjer på Nordfjordeid. I ei tid med statleg sentralisering og nedbygging i distrikta, er slike «motorar», drive fram av lokalt initiativ, svært viktig.

Det som er med å gjere Kalvåg til ein interessant stad i dag, er ikkje minst kombinasjonen av turisme og annan produksjon – fiskemottak og fiskeindustri. Det er viktig å bruke og støtte opp om slike fyrtårn. Det vil vi alle ha glede og utbyte av. Det er ikkje eit eventyr, men resultatet av optimisme og trottig innsats over mange år. Og la meg leggje til: Forfattaren har inga spesiell interesse av utviklinga i Kalvåg utover berre å ha blitt glad i staden og folket her.