Idar Flo har skrive dette lesarinnlegget:

Nordfjordingar bør stemme Venstre!

Nordfjord står i fare for å ikkje bli representert på Stortinget etter valet. Dei tre distriktsmandata ser ifølgje meiningsmålingane ut til å gå til Sunnfjord og Sogn; Liv Signe Navarsete (Lærdal/Sp), Steinar Ness (Gaular/Sp) og Ingrid Heggø (Høyanger/Ap).

Den mest realistiske sjansen Nordfjord har for å få ei stemme på Stortinget, er ei mobilisering kring Sveinung Rotevatn (Venstre) slik at han kan få det fjerde (utjamnings-) mandatet frå fylket.

Det vil vere eit stort tap for Nordfjord dersom denne delen av fylket ikkje blir representert på Stortinget. Uansett kva ein har stemt tidlegare, bør nordfjordingane spørje seg om kven dei trur er den beste til å kjempe for saker som er viktige for dei.

Det bør vere ein kandidat som har mest kjennskap og innsikt i slike saker, og i dei fleste tilfelle vil det vere ein kandidat som sjølv kjem frå Nordfjord.

Mange hugsar då Navarsete skjelte ut ein sjukehusaksjonist under sjukehusstriden i 2011. Dei fleste synest at sjukehussaka er viktig, og det vil mildt sagt vere underleg om dei partia (Ap, Sp og SV) som la ned fødeavdelinga på Eid får særleg mange stemmer frå Nordfjord.

Sidan har heldigvis Nordfjord sjukehus fått nye funksjonar, mykje takka vere utretteleg innsats frå Sveinung Rotevatn, godt støtta av den gode kontakten han har til Nordfjord.

Eg trur denne saka illustrerer kor viktig det er at alle delar av fylket er representert på Stortinget, også Nordfjord.

Ein bør velje ein kandidat som best kan kjempe for viktige saker slik som Nordfjord sjukehus, utflytting av statlege arbeidsplassar til denne delen av fylket, utbetring av Strynefjellsvegen, og så vidare.

Det hadde blitt eit ramaskrik dersom Sunnfjord eller Sogn hadde blitt utan representantar på Stortinget.

Nordfjordingar bør syte for at det er nokon på Stortinget som forstår kva som er viktig for denne delen av fylket. Difor bør dei stemme på Sveinung Rotevatn frå Eid og Venstre!