Jon Anders Stavang fra Naturvernforbundet i Flora har sendt følgjande lesarinnlegg om Guleslettene industriområde i Bremanger og Flora:

Dramatisk utviding av vindindustrianlegget på Guleslettene

Zephyr AS har kome med nye vindturbinplasseringar for Guleslettene industriområde. Dei er dramatisk endra i høve konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga.

Guleslettene er eitt av dei viktigaste friluftsområda i Flora kommune. Endringsforslaga til Zephyr inneber ei fullstendig nedbygging av Guleslettene heilt ut til randsonene av planområdet. Støyen vil breie seg nedover i hjorteliene i Botnane, Guleskaret og Uradalen, Sagadalen, Kupene vest for Terdalen og heilt ned i Terdalen.

I vest vil vindturbinane kome inn i rutene til trekkfuglane og dei vil verte synlege frå mange av gravstadane og kulturminna langs strandsona frå Årebrotet og heilt ut til Kinn. Frå Florø vil utsynet mot vegar, vegskjeringar og turbinar verte enormt dominerande. Refleksblink i kombinasjon med kvite turbinvenger mot både fjell og himmel som bakgrunn, vil medføre eit blikkfang som tek over heile det nordlege synsfeltet frå Florø by. I aust har fleire av dei mest populære turmåla fått vindturbinar og vegar innteikna i kartet, og støyen frå veivande turbinblad vil øydelegge desse områda som turmål. Fleire gode fiskevatn og drikkevasskjelder risikerer olje- og kjemikalieureining.

Endringsforslaga til Zephyr er så store at Naturvernforbundet, Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) og Sogn og Fjordane Turlag vil krevje at Zephyr må sende ein tilleggssøknad om endringane til NVE. Denne må deretter sendast på høyring. Vidare arbeid med Miljø- Transport- og Arealplan (MTA) må utsettast til dette er gjennomført.