Dette innlegget er skreve av Daniel Henriksson i Raudt Vågsøy.

Vikarbyrået Orange Helse vart kasta ut av sjukehusa og kommunal sektor i både Oslo og Bergen etter lov- og avtalebrot, men Orange Service leverer no innleigde vikarar til helsetenester i tolv kommunar i Sogn og Fjordane. Orange Helse AS endra nyleg namn til Sydvest Prosjekt AS. Det er eigd av Orange Group, som òg eig vikarbyrået Orange Service AS.

«Jeg tenker at det er rystende at 12 kommuner i Sogn og Fjordane setter Orange Service som nummer én på liste av flere leverandører», seier Ann Kristin Førde, medlem av fylkesstyret i Fagforbundet Sogn og Fjordane til fagbladet.no, der ho også viser til § 8 i Arbeidsmiljølova som slår fast at spørsmål som påverkar arbeidstilhøva skal drøftast med tillitsvalde, og at rammeavtalene som Orange Service AS har skaffe seg bryt med drøftingsplikta. Fagforbundet Sogn og Fjordane har sendt eit brev til alle rådmennene med krav om at rammeavtalen med Orange Service vert stoppa fram til drøftingsplikta vert oppretthaldt. Raudt støttar dette, og oppmodar vidare alle dei 12 kommunane, samt Sogn og Fjordane fylkeskommune, til snarast mogleg å seie opp avtalane deira med Orange Service. I Nordfjord gjelder det følgande kommunar: Bremanger, Nordfjordeid, Stryn, Vågsøy og Selje.

Etter avsløringar om at utanlandske sjukepleiarar endte opp med stor gjeld etter å ha jobba for Orange Helse gjekk Ap-nestleiar Hadia Tajik ut i frifagbevegelse.no og sa at Ap no opnar for å forby innleige av vikarar i helsesektoren og innfører meir tilsyn og rapportering rundt bruken av bemanningsbyrå. Dette vil i så fall vere det stikk motsette av den politikken Ap gjekk inn for då dei røysta for vikarbyrådirektivet til EU. Det gjenstår å sjå kva Ap faktisk kjem til å gå inn for her, men om det faktisk skulle komme ein snuoperasjon frå Ap på dette feltet, så er det noko som Raudt ønskjer velkomen.

Raudt meiner at vi treng eit lovforbod mot kommersielle vikarbyrå, fordi dei både skapar mindre tryggleik i arbeidslivet og gjer fagorganisering meir vanskeleg. Vi er dessutan samde med For Velferdsstaten som i samband med stortingsvalkampen i år fremja krav om at kommersielle aktørar ikkje skal stå for drifta av offentlege velferdstenester. Raudt Vågsøy meiner difor at det er viktig å få kommersielle vikarbyrå heilt ut av drifta av dei kommunale tenestene i Sogn og Fjordane.