Denne leiartartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 5. desember.

Kjenner du nokon du meiner fortener ei oppmuntring i førjulstida?

Også i år vil Fjordenes Tidende bruke førjulstida til å glede folk som gleder andre. Vi vil glede nokre av dei mange eldsjelene i kommunane våre som gleder mange rundt seg med ei julestjerne. Til dette treng vi hjelp av deg. Veit du nokon som spreier glede rundt seg eller som gjer det vesle ekstra for andre? Veit du om nokon som stiller opp med ei hjelpande hand og som fortener eit klapp på skuldra? Kjenner du ja-personar som fortener ei julestjerne? Tips Fjordenes Tidende så kan det hende at nettopp den du tipsar om blir trekt ut og får ei lita oppmuntring frå oss i form av ei julestjerne.

Det er mange som bryr seg. Mange brukar mykje tid på å hjelpe andre. Mange arbeider i det stille utan ei krone i betaling. Det er mange kvardagsheltar rundt oss som aldri får skikkeleg takk, kvardagsheltar som aldri blir trekt fram i lyset og som sjeldan får så mykje merksemd. Der det offentlege og kommunane ikkje strekker til er det ofte privatpersonar med stort hjarte og vilje som stiller opp. Slike personar betyr mykje for trivsel og glede rundt oss.

Fjordenes Tidende oppmodar alle lesarane om å sende brev, kort eller e-post og tipse oss om nokon du meiner fortener litt skryt for at dei stiller opp for andre. Det kan vere ein god nabo, leiar for eit lag, medlem i ein dugnadsgjeng eller berre eit godt medmenneske. Skriv nokre ord om din kandidat, og kvifor denne personen fortener ekstra skryt. Vi vil trekkje ut nokre blant innsende tips som vi vil glede med ei julestjerne.

Det kan også hende at nokre av tipsa kan ende opp som ei god sak eller ei reportasje i Fjordenes Tidende. Og kanskje er det akkurat din kandidat som blir trekt ut og som dermed blir trekt fram i lyset.