Lesarinnlegg:

– Eit kraftsenter på kysten

Illustrasjonsfoto: Fjordenes Tidende

Meninger

Martin Hagen frå Kvalheim har skrive dette lesarinnlegget:

Eit kraftsenter på kysten

Vågsøy fekk beskjed av Sanner at dei slapp tvang dersom ein jobba med eit kystalternativ med Florø. Alternativet var då å bli tvinga inn i Eid/Selje, der dei allereie hadde fordelt alt mellom seg, og Vågsøy ville blitt den verkeleg store taparen. Vågsøy og Florø fekk då til ein god avtale. At ein del i næringslivet i tillegg syns at dette var det riktige er jo også kjempepositivt! Dette var utelukkande eit politisk vedtak basert på kva som er det beste for Vågsøy i forhold til moglegheitene ein hadde.

Eid/Selje var ikkje ein moglegheit då dei gjorde det klart at avtalen og fordelinga mellom dei låg fast. Det var heller ikkje eit alternativ å stå aleine med det nye inntektssystemet og trusselen om tvang.

Eit argument som går att i denne debatten er at rapporten frå Telemarksforsking seier at Kinn kommune ikkje oppfyller alle krava i kommunereforma utan Bremanger og at Sanner ikkje stemte for den.  

Poenget med denne nye kommunen er ikkje å oppfylle alle krava i kommunereforma, men å bygge ein sterkare organisasjon og eit sterkare politisk miljø som sikrar tenestene våre i møte med Vestlandsregionen, og utviklar dei vidare. Ein større kystkommune vil gi ei sterkare stemme både nasjonalt og i Vestlandsregionen. Kinn vil styrke og skape større tryggleik rundt den vidaregåande skulen vår, infrastruktur og statlege arbeidsplassar i ein ny politisk kvardag.


Sogn og Fjordane skal inn i ein region med Noregs nest største by, Bergen, som aleine har nærare 300.000 innbyggarar i Hordaland med totalt 520.000. Sogn og Fjordane vil utgjere omtrent 1/6 av innbyggarane i den nye regionen. Dette må ein ta på alvor. Vågsøy blir for små åleine i dette politiske landskapet.

På kysten av Sogn og Fjordane har vi tapt gong på gong i store politiske saker. Kyststamvegen E39 går for eksempel i indre delar av fylket, der ligg også det meste vi har av høgare utdanning. Eg var hausten 2015 på eit foredrag med professor i samanliknande politikk; Frank Aarebrot på Raudeberg. Han var heilt tydeleg på at ein i kommunereforma i Sogn og Fjordane må jobbe for eit kystalternativ, og at aksen Måløy-Florø ville blitt eit formidabelt kraftsentrum. «bli store nok til å få kontroll over eiga skjebne» var Aarebrot sin tydelege beskjed.  

«Ein må jo elles omtrent til Stryn for å kome til Bergen. I Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal, ligg kyststamvegen der den skal – langs kysten, men i Sogn og Fjordane skal den plutseleg inn i alle fjordar. Poenget med ein kystveg er jo at dei dynamiske miljøa på kysten skal ha ein forbindelse. Vi treng ikkje ein fjordstamveg».

Kinn kommune er ein sjeldan moglegheit for større politisk makt på kysten. Vi må ha ei sterk tydeleg stemme og vere ein større kommune for å vise att i det politiske landskapet. Det er der det blir avgjort kor statlege arbeidsplassar, vegar og satsingar skal vere. Sogn og Fjordane og Hordaland skal slå seg saman. Vestlandsfylket blir stort og vi må vere synlege og tilstede!

Kinn kommune er også ein unik moglegheit til å bygge kommuneorganisasjonen på nytt. I Vågsøy har vi for eksempel ei lita planavdeling som gjer at utviklinga i fleire prosjekt går treigare enn nødvendig. Kinn vil bygge betre og meir effektive miljø for å handtere slike problem. Nokre argumenterer her med at Florø for eksempel har ei mykje større planavdeling og når det står i intensjonsavtalen at det skal vere forholdsvis like mange arbeidsplassar som før mellom Vågsøy og Flora, så vil dette verte urettferdig når ein eventuelt skal effektivisere drifta.

Om ein snur litt på dette, så er jo saken at innbyggarane og næringslivet vil få ei mykje sterkare og meir effektiv planavdeling å forhalde seg til når ein skal utvikle nye prosjekt i ein stadig raskare arbeidsmarknad. Dette vil gagne både næringsutvikling og bustadutvikling i Vågsøy, som tross alt er det som skapar ny vekst.  


Eg registrerer også at kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet har blitt kontakta og uttalar seg om ei eventuell reversering. Ho sit altså i eit parti som er i mot heile reforma og som gjekk til val på reverseringar. Ein kunne like godt spurt Frp sentralt som dei er for ei redusering av eigedomsskatt i Vågøy, svaret ville blitt like opplagt. Stortinget hadde eit fleirtal beståande av Arbeiderpartiet, Frp og Venstre som stemde for Kinn kommune. Grunnen til at Sanner og Høgre stemde i mot var at dei helst ville ha med Bremanger også. Om Kinn kommune blir reversert, så blir ikkje Vestlandet det.

Høgre lokalt er no i gang med felles arbeid inn mot eit Kinn Høgre, der dei allereie no er einige om at styret skal innehalde like mange frå Vågsøy som frå Flora, slik at veljarane kan stemme på eit felles nytt og balansert parti ved neste kommuneval. For å arbeide i mot frykta for den politiske kjøtvekta i Kinn må ein framover jobbe for gode løysingar som dette. Det blir både spennande og viktig å følge Høgre og resten av partia vidare i den prosessen.

Det blir ofte antyda at i Stad kommune, der går ting mykje betre. I Stad kommune vart ingen spurte om samanslåinga og det var heller ingen folkeavstemming. Selje hadde moglegheiter til ein mykje gunstigare avtale med Vågsøy enn dei fekk med Eid. Folket i Selje var opprinneleg meir positive til å slå seg saman med Vågsøy enn med Eid.

Ein stor forskjell her er at Fjordabladet berre skriv positive ting og at dei har ein ordførar som er svært god på PR, så god at det kan virke som at alt berre er positivt i Stad og dårleg i Kinn, men slik er det ikkje. Det er garantert usemje i Stad kommune også, men dei evnar å stå samla i media og snakke positivt om det ein skal gjere. Det er slik dei skaper optimisme. Dei har ikkje kome med so mykje meir konkret informasjon enn Vågsøy, men dei er aktive i media. Når ein kommunestyrerepresentant i Vågsøy kan få seg til å gå ut i media og seie at Bryggja viser veg for resten av kommunen i grensejustering, så viser dette kor vanskeleg det er å samle seg. At ein representant kan gå ut å seie noko så destruktivt om kommunen og arbeidsplassane ein har her, er trist. Ein ville mista både makt og arbeidsplassar om ein skulle fulgt det rådet.  

Vågsøy har no jobba lenge for nytt svømmeanlegg, så at det ligg i intensjonsavtalen er heilt naturleg, akkurat som fotballhall i Florø gjer det. At det er eit samarbeid med privat næringsliv har ingenting med samanslåinga å gjere slik nokon trur. Det ville vert det gunstigaste for Vågsøy og utviklinga der uansett. Det var ikkje næringslivet som slo saman Vågsøy og Flora, det var det politikarane gjennom sine vurderingar som gjorde.

Det er også mange i Vågsøy som har trua på og ser stor verdi av Kinn kommune, men i lokalavisa vår har det dessverre vore dei med ei negativ vinkling som snakkar høgast og mest. Det har slik sett blitt ein litt einsidig debatt og ein del feilinformasjon der det av og til ser ut som det berre er Kristin Maurstad og nokre toppar i næringslivet som har gjennomført denne samanslåinga, når fakta er eit demokratisk vedtak frå fleirtalet av dei folkevalde politikarane i Vågsøy og eit demokratisk vedtak frå fleirtalet av dei folkevalde på Stortinget.

Det bør informerast meir om korleis Kinn blei til og kvifor vedtaket vart gjort. Nokre får det til å høyrast ut som det politiske fleirtalet i Vågsøy kommune ikkje ønsker Vågsøy sitt beste, det er jo utruleg usannsynleg. Dei bur her dei òg. Ta for eksempel lokalpatrioten Edvard Iversen som representerer Vågsøy i fellesnemnda; skulle han jobbe for å øydeleggje for sin eigen heimkommune mens han på fritida jobbar med å bygge nye tilbod som kulturhuset på Raudeberg?

Politikarane våre har tatt eit val som sikrar Vågsøy arbeidsplassar og ei satsing på kysten, i motsetning til å miste bortimot heile administrasjonen i ein avtale med Eid/Selje (som også lenge jobba i mot brukryssing i ytre), eller stå att som ei lita kommune med trong økonomi og eit ugunstig inntektssystem.

Eg har sett fleire møte i fellesnemnda live og opplever at det gjennomgåande blir gjort gode vurderingar som sikrar Vågsøy sine interesser. Flora er ein god distriktskommune som også satsar på bygdene sine med mange grendaskular og satsingar, som for eksempel idrettshallen i Eikefjord. Kystprosjektet Kinn er utruleg spennande!

Måløy vidaregåande skule har blitt ein av dei aller mest framtidsretta og beste skulane i Sogn og Fjordane gjennom eit tett samarbeid med det lokale næringslivet. Dette samarbeidet har vore ein kjempesuksess. Når ein no skal skape ein ny kommune, må ein også gå saman om å utforme dette spennande prosjektet, det gjeld både næringsliv og lokalbefolkning. Det er 2 store næringslivskommunar med utruleg store ressursar som skal slå seg saman. Vågsøy og Flora scorar stort sett alltid høgt på næringsliv, nyetableringar og gründerskap. Dette er ein unik moglegheit til å lage Norges mest innovative kommune og muleg Norges beste gründerkommune. Vi har ein moglegheit til å fasilitere for framtidas arbeidsmarknad og gründerar som skal sikre velferda vår. Kommunale tenester elles er lovpålagte.

Ein har nettopp starta med utviklinga av Måløy Marine Ressurssenter som vil ha med seg Norges Miljø- og Biovitenskaplige Universitet og vil styrke den vidaregåande skulen vår, arbeidsplassane i fiskeridirektoratet og kan skape eit forskingsmiljø som kan gi bedriftene våre ein stor fordel opp mot resten av marknaden. Ei sterkare politisk stemme i Vestlandsregionen vil gjere det lettare å skape ringverknader rundt dette prosjektet og nye prosjekt framover.

Politikarane må no bli meir aktive i media så innbyggarane får meir informasjon om korleis kommunen vart til og kva moglegheiter som ligg i den. Her kan ein bli betre. Det er positivt at det er den erfarne leiaren av rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane, Terje Heggheim, som er tilsett som prosjektrådmann og skal leie dette prosjektet.

Etableringa av Kinn kommune blei i 2017 vedtatt av eit fleirtal på stortinget. Her må vi sjå på dei store moglegheitene framover i staden for å diskutere snøen som fall i fjor. Det er naturleg at ein veit meir om korleis ting er enn korleis ting skal bli og at nye situasjonar kan vere skremmande, men ting er heller ikkje perfekt i dag og det her er ein moglegheit til å løyse ein del av problema ein slit med i dag. Ein får større politiske slagkraft for den vidaregåande skulen, og har ei sterk stemme i kampen om statlege arbeidsplassar, infrastruktur og andre viktige midlar. Sjå berre kva Førde har fått til. Ein får moglegheita til å bygge ein heilt ny kommuneorganisasjon i møte med den krevjande og kostbare eldrebølga, ny teknologi og ein ny region! Og ikkje minst: Om vi nokon gong skal komme i posisjon på prioriteringslistene til å få gjort noko med dei dårlege vegane vi har internt, til Vågsvåg/Oppedal og vidare til Kannesteinen, kommunevåpenet i Kinn?, til Osmundsvåg, gjennom Raudeberg, rundt Nord-Vågsøy, til Kvalheim/Kråkenes osv., så må vi inn i ein større allianse. Åleine blir vi små og altfor lette å ignorere. Dette viser historia ganske tydeleg.

No har vi endeleg fått fleirtal på fylkestinget for å sette i gang arbeidet rundt kystvegen etter ein langvarig og hard kamp frå kystpolitikarane, og ein er no også i gang med å utvikle ei ny båtrute mellom Måløy og Florø som har mål om å bli verdas grønaste. Dette vil skape ein ny arbeidsregion for Vågsøy, Bremanger og Florø. Grunnen til at det ikkje er så mange som pendlar her i dag er at desse nye infrastrukturane aldri har vore der før. Slik var det også med Kvivsvegen og andre nye samband. Det var heller ikkje mange som pendla Lote-Anda før Lotetunnelen vart bygd.

Eg ser fram til eit utruleg spennande 2018 både i Vågsøy, Florø og i resten av denne utruleg spennande regionen!

Heilt til slutt. Stopp med «du e kinn» og «eg e kinn», det er mykje betre å sei det som det er:

Kinn kommune - eit kraftsenter på kysten!