Lesarinnlegg:

– Feilinformasjon om feilinformasjon

Flora-ordfører Ola Teigen (Ap) og Kristin Maurstad (Ap) svarer på kritikken i dette lesarinnlegget. T.v. Edvard Iversen (V), som representerer Vågsøy i fellesnemda for Kinn kommune. Arkivfoto: Bjørn Erik DrabløsFoto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette innlegget er skrive av Ap-ordførarane Ola Teigen (Flora) og Kristin Maurstad (Vågsøy):

Feilinformasjon om feilinformasjon: 195 millionar til Kinn

Som ordførarar er vi offentlige personar som skal ta i mot kritikk og skryt både i jobbsamanheng og på privaten. Vi skal takle både kritikk med feit skrift og CAPS LOCK i avisspaltene. Men at både vi og ikkje minst den særs kompetente kommuneadministrasjonen blir anklaga for inkompetanse og bevisst feil bruk av tall, det aksepterer vi ikkje.

Etter innlegget til Kristin Maurstad og Terje Heggheim førre veke har det vore kronikkar både i Fjordenes Tidende og Firdaposten – med ulike poeng, ulik bruk av rapportar og ulike ambisjonar. Det er mykje som kan og bør kommenterast, men no i første omgang er det ein del punkt og beskyldningar i innlegget til Refvik, Husevåg m.fl i Fjordenes Tidende 08.01 som vi meiner det er nødvendig å besvare.

Bommar med 145,5 millionar

I innlegget til Refvik m.fl blir det skrive at Ola Teigen i sine uttalelsar på facebook påstår at Kinn får 130 millionar meir i tilskot enn det som debattantane meiner er fakta. Dette brukar dei vidare til å stille spørsmål ved både Teigens – og eventuelt prosjektrådmanns – kompetanse og bevisst feilaktige bruk av økonomiske utrekningar. Sjølv bommar dei med 145,5 millionar i sine utrekningar.


Kommesamanslåing og økonomiske kalkyler er komplisert. Å ha oversikt over alle variablar er uråd sjølv for oss som arbeider med dette på full tid. Særleg er det utfordrande å seie kva status vil vere om 10-20 år – avhengig av kva økonomiske modellar og variablar ein legg til grunn. Det verkar dog som at det er felles einighet om at Telemarksforsning sin rapport (TF36/2017) er ei solid kjelde. Denne rapporten viser til at Kinn får 195 millionar meir i tilskot enn Vågsøy og Flora ville fått kvar for seg i perioden 2017-2034, basert på dagens tilskotssatsar.

Stortinget vedtek eit inntektssystem og premierer dei som vel samanslåing. Sidan det berre er ei kake til fordeling så får nokon mindre når andre får premiering. Inntektene til Kinn – som de finn meir informasjon om i TF36/2017 - er estimert å fordele seg slik:

1. Eingongsstøtte på NOK 20.5 millionar til arbeidet med samanslåing

2. Eingongsstøtte på NOK 20,5 millionar for å lette overgangen til ny kommune

3. Tilskot for overgangsordning i perioden 2017-2019, NOK 7,6 millionar årleg i 3 år, totalt NOK 22,8 million

4. Regionsentertilskot på NOK 2,1 million i 2017, og NOK 4,4 million kvart år etter dette, totalt NOK 77 million

5. Frå 2020 til 2034 får vi ei årleg støtte på 3,3 millionar, totalt 49,5 millionar for perioden (inndelingstilskot minus frie inntekter)

6. Eingangstilskot til infrastrukturtiltak på NOK 4 millionar i 2017

7. Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen på NOK 0,7 millionar

Totalt blir dette da totalt NOK 195 millionar meir enn det Vågsøy og Flora ville fått kvar for seg. Alle tal er runda opp til næraste desimal, slik også TF har gjort i sine utrekningar. Det er då ikkje tatt med eventuelle usikre meirkostnader til t.d arbeidsgivaravgift. Den årlige effekten på effektivisering er heller ikkje tatt med, ein effekt som er estimert å vere på NOK 3,2 millionar i året, totalt NOK 48 million for perioden.

195 millionar er 145,5 millionar meir enn Refvik m.fl viser til i sine tal, då dei kun viser til punkt 5 i sitt reknestykke. Det gir eit heilt feil bilete av det økonomiske totalbiletet.

Kinn er meir enn diskusjon om desimalar

Både lokale og nasjonale ekspertar har innsikt i reformprosessen, og har ulike teoriar om korleis økonomien ser ut på lang sikt, ikkje minst når ein ser fleire år fram i tid. Det er dog viktig for oss å tydeliggjere at den folkevalde leiinga og kommuneadministrasjonen også har gjort heimeleksene sine i denne prosessen. Kanskje det ikkje alltid er slik at Refvik, Husevåg m.fl sit med fasitsvaret og den einaste kompetansen om kommunesamanslåinga i Kinn?


Men vårt viktigaste poeng er at Kinn er meir enn diskusjon om desimalar og nøkkeltall. Det vi som ny kommune kan gjere noko med, og som vil ha størst effekt på inntektene til Kinn, er eit godt næringsliv og folketalsvekst. Det er hovudfokuset til Kinn kommune, og det er der vi i Fellesnemnda må legge store deler av vårt arbeid for å lykkast som kommune. I dette perspektivet vert det kanskje noko underleg å diskutere om ein, tre eller 195 millionar er mykje eller lite, eller om nokon er upresise på desimalane. Det store og viktige bildet er at også Vågsøy og Flora må endre seg for å møte framtida på vegne av sine innbyggarar og sitt næringsliv.

Ein kommune for framtida

Kommunesamanslåinga mellom Vågsøy og Flora handlar om korleis vi løyser dei store oppgåvene i framtida. Den tek innover utfordringar med folketalsnedgong, relativt svak samfunnsutvikling og eit stort uutnytta potensial for næringsutvikling. Den har og ambisjonar om betre samferdsle på kysten, noko vi alt er i ferd med å lukkast med. Men kanskje aller mest, korleis vi skal gje våre mest pleietrengande den hjelpa dei treng i åra framover. For kommunane er for små til å klare dette sjølve i åra som kjem. Samtidig ser vi at både stat og fylke endrar seg. Kommunane må følgje etter. Difor blir reforma gjennomført frå regjeringa om vi likar det eller ikkje. Kommunane leverer dei aller viktigaste tenestene til folk flest. Som folkevalde er det vårt ansvar å sørge for nettopp dette.

Vi står framføre eit krevjande arbeid framover. Både fellesnemnda og administrasjonen får brynt seg dei neste to åra. Arbeidet er i ein tidleg fase, men er godt i gang. Vi gler oss til å skape ein kommune som tek samfunna våre vidare, og håpar de vil delta aktivt i denne prosessen.

Telemarksforskning si «utgreiing av kystkommune i området Flora, Bremanger og Vågsøy» kan ein lese her.