Dette innlegget er skrive av Nils Myklebust , og er eit svar på lesarinnlegg frå Martin Hagen i Fjordenes Tidende og Firdaposten 13.2.

– Vi må bruke dei tala som er kjende

I innlegget skriv Hagen at det kan kome endringar i heile systemet med differensiert arbeidsgjevaravgift.

Norge fekk aksept for at vi kunne fortsette med ordninga under gjevne kriterium som vart godkjente med verknad frå 2007. Desse skal såleis reviderast kvart 7. år for å sjå om der var kommunar som skulle flyttast opp eller ned i dei fem avgiftsområda som går frå 0 prosent til 14,1 prosent i arbeidsgjevaravgift. (Flora har 14,1 prosent og Vågsøy har 10,6 prosent)

Ordninga vart såleis revidert med verknad frå 2014 utan endringar i vårt område. Det er den vi har i dag i vårt område og som skal reviderast med verknad frå 2021. Ikkje takast bort.

Det er såleis heilt feil å hevde at sjølve ordninga kan verte avvikla. Dette er det største enkelttiltaket av distriktspolitiske verkemidlar som den norske stat har.

Der er ikkje anledning til å ha forskjellige avgiftssoner innanfor ein og same kommune, slik at Kinn kommune må ha ei og same avgiftssone.

Så eg kan ikkje sjå at der er noko i disse kriteria som skulle tilseie at ikkje Kinn kommune får 14,1 prosent. Det måtte i tilfelle være at ein la heile kommunesenteret til Måløy og grunngjev dette med ein heilt spesiell kommune med svært store avstandar som vil verte kostbar å drifte.

Og då, Martin Hagen,  er vi ved det som dette handlar om. Vi må bruke dei tala som er kjente. Det er at for den kommunale drifta i Vågsøy med ein differanse på 3,5 prosent som i 2016-rekneskapen utgjer  ein forskjell 9,84 mill. kr., så må ein ta heile perioden som Telemarkforsking bruker 2020-2040 og då vert dette 9,84 mill. kr. X 20 år = 196,8 mill. kr.

I tillegget til dette, så kjem dei auka kostnadane for det private næringslivet. Så er det sjølvsagt lov å ynskje seg noko anna, men det er det på noverande tidspunkt ikkje grunn til å tru.

Så må ein også ha med seg at kommunane rundt oss framleis vil ha 10,6 prosent og kva vil det ha å seie for bedriftene sine konkurranse. Dette kan verte alvorleg når vi skal stimulere til nyetableringar, der bedrifter vil sjå på kva kostnader det utgjer om dei skal etablere seg i vår del av Kinn eller i ein av våre nabokommunar.

Er dette noko vi skal sjå heilt bort ifrå? Er du villig til å ta denne risikoen?

Dei øvrige tinga du skriv om Josten Eimhjellen sitt  innlegg, får han sjølv kommentere.