Fjordenes Tidende-redaktør Erling Wåge har skrive denne leiaren:

I dag presenterer Fjordenes Tidende i samarbeid med NRK og Firdaposten ei fersk meiningsmåling som er gjort blant innbyggarane i Vågsøy. Norstat har fått svar frå nærmare 600 innbyggarar over 17 år på spørsmålet om dei er for eller imot at Vågsøy skal slå seg saman med Flora kommune etter 2020. Meiningsmålinga liknar på den innbyggjarundersøkinga desse to kommunane gjennomførte for eit år sidan, før dei bestemte seg for å slå seg saman.