Vidar Andersen, som er tilsett og innbyggjar i Flora kommune, har skrive dette innlegget:

«Mine betraktningar rundt Kinn kommune»

Eg er tilsett i Flora kommune, og har vore det sidan 2014, og har prøvd å følgje med på diskusjonen som pågår rundt etablering av Kinn kommune.

Mitt ståstad er at eg er interessert i samfunnet rundt meg, og spesielt kysten av Sogn og Fjordane. Det kunne vært skreve mykje om tapte kamper internt i vårt fylke, men det skal eg ikkje bruke tid på, men heller prøve å se framover.

Kinn kommune er vår store moglegheit. Vågsøy og Flora i lag er «dynamitt og nyskapande» i positiv forstand.

Litt om mitt forhold til Vågsøy. Eg har vore relativt mykje i Vågsøy sidan 1980 og nesten fram til i dag. Kjenner til geografien og bygdene rundt på øya og fastlandet på ein slik måte at eg kan orientere meg i landskapet. Trur det er mange frå Flora kommune som er nysgjerrig på Vågsøy, og eg hadde bestemt meg for å snakke varmt om Vågsøy og deira styrke og kanskje moglegheitar, for det er det!

Vågsøy og Flora må ta dei grepa som kysten fortener. Den jobben må politikarene i dei respektive kommunane gjere. Det er jobben deira. Fellesnemnda må på bana på ein heilt anna måte. Dei må komme seg heilt ut av startblokkene, og være litt meir synleg. Det ser unekteleg rart ut når medlemmer i nemnda er meir opptatt av å stoppe eller reversere eit mandat dei har fått i frå sine kommunestyre, enn å bygge den nye kommunen.

Vi som innbyggjarar må forholde oss til våre politikarar. Vi skal ha respekt for tida og engasjementet dei har. Oppgåva dei har påtatt seg er stor og til tider sikkert svært vanskeleg. Derfor er det enda viktigare at dei brukar tida godt og drar fram mot målet med ein samla strategi. Ueinigheit er lov. Det å bare omgås folk som ønsker Kinn velkommen eller bare folk som ikkje ønskjer Kinn velkommen gir aldri eit godt resultat, men det er ei forferdeleg sløsing med tid og krefter å sette seg så på sida, at ingenting skjer. Det kan godt være strategien, men den er i så fall lett synleg og gjennomskodleg.

Ein ting er eg sikker på, og det er at det vil komme fleire kommunar til den nye Kinn over tid. Ha tolmod med prosessane som går. Ikkje vær redd for framtida. Grip den og bruk den til noko for mange ukjent, men som vil bli heilt fantastisk.

Vi er tilsette for å levere gode tjenester til innbyggarane i våre kommunar. Det er hovudoppgåva, men det å være i forkant og sjå moglegheiter er og viktig.