Amdam var ein av rundt 270 besøkande som boltra seg i bakken ved Furehogane på Harpefossen skisenter laurdag ettermiddag.

– Det var veldig forfriskande å stå på ski att, og eg er glad dei held ope delar av skisenteret sjølv om det ikkje er nok snø til å ta fjellheisen, seier ho.

21-åringen innrømmer at dette er første gongen ho besøker Harpefossen, men understrekar at ho definitivt kjem til å komme tilbake fleire gongar denne sesongen.

– Eg er frå Selje, så det er ikkje så langt hit, men eg starta ikkje stå på ski før eg flytta vekk på vidaregåande.

Amdam rosar skipatruljen i bakken for å vere veldig synlege.

 – Ein ser at dei som skadar seg vert tekne godt hand om. Det er tryggande, spesielt for ein nybegynnar og klums som meg, ler ho.

Leiar for skipatruljen Tore Karlsen er også nøgd med arbeidet som dei rundt 15 frivillige i patruljen legg ned.

– Men dette arbeidet er mykje meir enn berre det å hjelpe dei som er uheldige i løypa. Vi er dei første som kjem om morgonen og dei siste som går om kvelden. Det er vi som merkar og sikrar løypene og gjer slik at bakken er så trygg som mogleg for skigjestane, fortel han.

Karlsen understrekar at patruljen har kjekke og varierte dagar og at dei vert gode både på ski og i førstehjelp.

– Og så er det alltid ei god kjensle å vere med å hjelpe, seier han.

Også mange barn suste ned skibakkane på Harpefossen laurdag. Blant dei var Sarita Blålid Vederhus (9), Linnea Venøy Lexau (9) og Adele Birknes (9).

Dei var alle einige om at det å stå på ski er noko av det kjekkaste som finnast.

– Vi skal vere her mykje resten av vinteren, sikkert kvar helg, fortel Linnea.

På spørsmål om dei vert redde på veg ned dei bratte bakkane svarar jentene:

– Vi er forsiktige og køyrer i sikksakk, og så bremsar vi dersom det går for fort. Det er ikkje så vanskeleg, og det er mange her som passar godt på oss.

Nils Magne Nedreberg, styreleiar i Harpefossen skisenter AS, ser lyst på resten av vinteren sjølv om starten av sesongen var lite å skryte av.

– No håpar vi berre at snøen som kom no nyleg vert liggande, og at det kjem enda litt til utover slik at vi kan opne fjellheisen og la publikum få boltre seg i heile anlegget vårt, seier Nedreberg.

Han innrømmer at det ikkje var optimalt at skisenteret berre klarte å halde ope to-tre dagar i romjula, men understrekar at det er langt ifrå krise, og at dersom snøen spelar på lag framover så ser det rimeleg greitt ut, for skisenteret har mange besøkande.

– Men det er klart, kjem det to månadar no med 15 plussgrader og regn så vert det minimalt med inntekter, og det vert økonomisk utfordrande. Men vi styrer ikkje vêret, seier han.

Leiinga ved Harpefossen skisenter håpar å få til ei flytting av eine påstiginga til fjellheisen allereie til våren.

Nedreberg fortel at planane til skisenteret framover involverer å flytte eine påstiginga til fjellheisen ned til varmestova for å gjere det meir effektivt og enkelt for skigjestane.

– Vi håpar at vi kan sette i gong med flyttinga allereie no til våren når snøen forsvinn. Men vi må sjå an besøkstalet i vinter, for vi kan ikkje byrje med noko slik om ikkje økonomien er på plass, seier han.

Nytt i forkant av noverande sesong er at billettluka er flytta ned i underetasjen til varmestova, ved skiutleiga. Det er også sett opp eit tautrekk ifrå varmestova og opp til skiheisen.

– Vi har og småplanar for langrennsløypene framover, seier leiaren, utan å gå i detalj.

Bjørn Kjørstad driv Harpefossen sin eigen skiverkstad ved sida av skiutleiga. Her kan folk få hjelp til å «pusse opp» skia sine.

– Vi reparerer mellom anna riper og sår i belegget på skia, og så driv vi med vedlikehald. Det er lurt å få lagt voks på skia når sesongen er slutt, då tek ein best vare på dei, seier Kjørstad.