– Det er mykje meir igjen å hente med tanke på å levere gode bilete frå bakken, fortel Gilleshammer.

Han har mellom anna køyrt konkurranserenn i Alpane i tillegg til norske konkurransar dei siste åra. Etter eit par uheldige episodar som har enda med sjukehusbesøk er ein av grunnane til at han ikkje melder seg på nokre konkurransar denne sesongen.

– I tillegg tek ein konkurranse mykje tid, det er ei heil langhelg utan å få gjort så mykje. Det er spennande i starten, men i år ønskjer eg å bruke meir tid i bakken og samarbeide med gode fotografar.

Vinter i Alpane

– Eg har alltid stått på ski, og så vart det berre meir og meir, fortel kjølsdalingen om korleis interessa for frikøyring først byrja.

– Eg merka at eg køyrde like bra som dei som dreiv med konkurransar, og melde meg på min fyrste konkurranse i Sogndal for fire år sidan.

– Det vil alltid vere litt risiko, men eg håpar eg er ferdig med sjukehusbesøk, seier frikøyraren.

Denne vinteren skal Gilleshammer vere i Chamonix store delar av vintersesongen.

– Eg har kjøpt årskort og skal vere der frå midten av januar til slutten av februar. Då blir det stort sett berre heiskøyring kvar dag. Vi er fleire nordmenn som skal vere der samtidig, så det blir veldig kjekt. Eg var der første gang då eg var seksten år, fortel han.

– Ein blir heisa opp 3.000 høgdemeter på ski, meir enn seks gongar bakkane Harpefossen, i eitt renn. Der er store fjell og mykje brelandskap. Eg har vore forskjellige plassar i alpane, men det er der eg verkeleg har likt meg, seier han.

– Noko av det betre

Etter å ha prøvd seg i mangfaldige skitrekk, er det likevel få som slår bakkane heime, ifølgje Gilleshammer.

– Det var der eg fyrst starta å stå å ski då eg var mindre. Etter å ha reist rundt i både Norge og i Alpane så er Harpefossen noko av det betre, fortel frikøyraren frå Kjølsdalen, som ikkje trur alle veit kva moglegheiter ein faktisk har i nærområdet.

Dei komande åra vil Gilleshammer ikkje melde seg på fleire konkurransar, men heller bruke tida si på å formidle opplevingane frå bakken.

– Ein har store moglegheiter både i skianlegget og i fjella rundt. Der er veldig mykje å ta av som folk kanskje ikkje er klar over, seier han.

Legg planar for sesongen

Planane for det komande året er endå i startfasen, men han har stor tru på nokre av prosjekta han skal i gong med.