Namn: Arnfinn Kolerud

Alder: 48

Adresse: Flatraket

Sivilstatus: sambuar

Yrke: forfattar

Hobby: sjakk og litteratur

Aktuell med: vil saman med Abdullah Abdullah og Ammar Abdullah starte sjakklubb, og arrangerer derfor sjakkdag på Vågsøy folkebibliotek laurdag føremiddag.

– Kvifor vil de starte sjakklubb i Vågsøy?– Eg speler ein del sjakk på internett, men synst eigentleg det er meir spennande å vere saman med menneske enn med maskiner.

– Veit de noko om interessa for sjakk her i området?– Eg prøvde å starte ein sjakklubb for ein del år sidan også, men det var før Magnus Carlsen. Eg trur sjansen for å få det til er større no. Derfor arrangerer vi ein sjakkdag på Vågsøy folkebibliotek no på laurdag for å lodde interessa for ein slik klubb. Finne ut om det er nokon andre som er interesserte i ein slik klubb også.

– Kva skjer på sjakkdagen?– Då håper eg flest mogleg som er interessert i sjakk møter opp, slik at vi både kan spele sjakk, men også finne ut av om det er interesse for å bli med i ein klubb, kva dag som passar best å møtast og kor ofte ein skal møtast.

– Kva kan du freiste folk med på arrangementet laurdag?– Det blir sosialt med kaffi og lett servering, men også ein sjanse til å spele sjakk. Og folk som er interessert kan då melde si interesse for å vere med i ein eventuell klubb.

– Kven er sjakklubben for?– Den er for alle. Det er ingen kommunegrenser, kom gjerne frå både Selje og Bremanger. Damer og menn. Vaksne og barn. Alle saman.

– Om det er interesse for ein klubb, kvar vil møta vere?– Viss vi startar opp, vil vi bruke biblioteket i Måløy som vår faste møtestad.

– Kor flink eller interessert i sjakk må ein vere for å bli med i sjakklubben?– Eg tenker at det kan vere både nybegynnarar og vidarekomne. Du vil alltid finne nokon som passar til ditt nivå. Og på laurdag bør alle møte opp så vi får eit signal om interessa.

– Kva er det morosame med sjakk?– Det er sosialt, ein sit saman med vener og speler, samtidig som ein også får brukt hovudet litt. Og så får ein konkurrere. Det er også kjekt.