For to år sidan jobba Myklebust som pedagogisk leiar i ein barnehage.

– Den assisterande styraren i barnehagen sat også i styret for Falkeid IL. Ho spurte meg seint ein kveld om eg ikkje ville komme på jobbintervju neste dag, for ho ville ha meg som dagleg leiar. Det var litt kult, smiler Mikael Benjamin Myklebust.

29-åringen frå Remmedalen har i to år vore Falkeid IL sitt ansikt utetter og einaste tilsette.

– Eg stortrivst her eg er og syns det er kjekt og givande og jobbe med å legge til å rette for idrett for barn og unge, fortel Myklebust.

Det var kjærleiken som drog Myklebust til Haugesund for fire år sidan. Sidan då har han både blitt pappa til ein son, dagleg leiar for eit idrettslag og fullført lærarutdanninga.

– Ja, kjærleiken kom før jobben. Faktisk er eg med i eit innflyttarlaug her i byen, her er sinnssjukt mange mannfolk som er på grunn av damene; ein sogning, ein sørlending, ein austlending, ein trønder. Alle saman er her av same grunn, ler Myklebust.

Det var kjærleiken som gjorde at Mikael Benjamin flytta til Haugesund for fire år sidan.

Å ha lærarutdanninga i botnen ser han på som ein stor fordel.

– Eg har idrett grunnfag og ein bachelor i idrett og friluftsliv, så den drar eg veldig nytte av trur eg sjølv, seier Myklebust, som legg til at han ikkje har ønske om å skifte beite for å bli lærar med det første.

For to år sidan fekk han jobben som dagleg leiar for breiddeidrettslaget Falkeid IL i Tysværvåg, eit idrettslag med 500 medlemmar i aldersgruppa to år til pensjonistalder. Idrettslaget tilbyr fotball, handball, innebandy, symjing, allidrett, sykkel og har nettopp starta med fotballfritidsordning kvar onsdag med 55 deltakarar. Herrefotballen er i sjettedivisjon, medan damelaget rykte opp til tredjedivisjon i november.

– Min jobb er å sørgje for at vi får inn inntekter gjennom sponsoravtalar, marknadsarbeid, vere med på alle arrangement, planlegging og utføring av alle arrangement, og gjere jobben enklare for dei som er frivillige, eksempelvis utarbeide gode rutinar, seier Myklebust.

Han fortel at det kan løne seg å tilsette ein dagleg leiar, ettersom sponsorinntektene har auka frå 350.000 kroner då han blei tilsett for to år sidan til rett under ein million for 2016. Eidaren har kontor på klubbhuset på Falkeid stadion, og det finnast ingen arbeidsdagar som er like.

– Det er sesongbasert, vi arrangerer mellom anna eit stort og eit mindre sykkelritt, og ei stor fotballturnering, seier han.

Mikael Benjamin har ikkje lagt fotballen heilt på hylla, og spelar med kompisar ein gong i veka.

Dei har også ei avtale med FK Haugesund.

– Avtalen gjer at vi jobbar 3.000 dugnadstimar for dei kvart år. Når dei har kampar er vi der med folk i alle ledd, fortel Myklebust.

Sjølv spelte han i sjettedivisjon for Haugen då han budde i heime. Med ein eittåring i hus er det ikkje så mykje tid til overs til fotball, men han spelar likevel ein dag i veka med kompisar.

29-åringen er heime i Remmedalen rundt ein gong i året, og då er det familietid som gjeld.

– Eg følgjer litt med på haugenfotball.no. Stig Høynes gjer ein formidabel jobb og fortener all heider og ros. Det er umogleg å ikkje få med seg kva som skjer i fotballen i Nordfjord. Det er heilt vilt kva den mannen får med seg, seier Myklebust.