– Eg har vore borti å spele før, men eg måtte gje meg på grunn av helsa. Det er ein fin og triveleg sport, eg likte godt å spele golf, seier Hove Teige.

Søndag arrangerte Selje golfklubb open dag, og då nytta seljeværingen sjansen til å vise barnebarna nokre triks.

– Bestemor drog oss med, seier Stine Elise Maalø (10), som saman med broren Isak Maalø (9) synest det var moro å teste golf for første gong.

På tvers av generasjonar

Golfklubben i Selje ønskjer at fleire skal få auga opp for golf.

– Ein kan begynne å spele når ein er 70 år, når ein er 40, når du har ungar. Du kan konkurrere med ungane dine og ein kan gå rundar i lag. Det er ikkje mange sportsgreiner der ein kan gjere det, seier Torill Bortne i styret i klubben.

Ho peikar også på dei store helseeffektane.

– Det er bevist at golfarar lever lenger enn andre.

– Helseeffekten er undervurdert. Mange tenker på golf som ein latmannssport, litt fine klede og caps. Men treningseffekten er overraskande stor. Om ein går ei vanleg 18 holsbane går ein nesten 10 kilometer, seier Reinhart Halsør.

På 9 holsbana i Selje blir det opp mot 4 kilometer.

– At det også er så sosialt gjer at ein får den effekten også. Det er ikkje så mange fritidsaktivitetar, sånn fysisk sett, der kvinnfolk, mannfolk, unge og gamle og alle kan møtast på same arena, seier han.

Nye medlemmar?

Det var fleire innom for å teste ut golfsporten sist søndag.

– Eg har spelt litt minigolf, Det er veldig greitt å få komme hit og teste ut før ein eventuelt går til innkjøp av nytt utstyr, seier Johannes Solheim.

På driving rangen stod også Noah Hamre (12).

– Eg har lyst å bli medlem. Det er gøy å klare å slå langt, det gjer at ein vil prøve meir, seier Hamre, som også fortel at han er næraste nabo til bana.

– Vi håpar at folk synest det er kjekt og kjem attende, seier Halsør, som fortel at klubben har dalande medlemstal. Det håpar dei å få snudd.

– Vi hadde 8–900 medlemmar på det meste, med fjernmedlemmar frå Austlandet. No er vi kome under 300 medlemmar, seier Stig Ødegård.

– Vi må ha aktive spelarar, det gjer oss betre rusta. Det er ein del som skal gjerast, og når fleire nyttar tilbodet blir det lettare for oss å spørje om hjelp og støtte. Ein står sterkare med eit levande miljø, seier Halsør, som slår graset på bana kvar dag gjennom sesongen.

– Ein rekk ikkje heile bana på ein dag. Vi klipper kvar dag, så sant det er vêr.

Halsør peikar på at det er unikt for ei lita bygd å ha ei golfbane, både i eit helseperspektiv, men også for turismen.

Tysdag og torsdag

To gongar i veka er det organisert aktivitet på bana. Tysdagar er det sommarkarusellen som startar etter påske og held på ut september.

– Det er eigentleg berre veldig sosialt. Ein går ei runde og spelar turnering, og så tel vi poeng, seier Ødegård.

Torsdagar har Torill Bortne torsdagsgolf, som er eit lågterskeltilbod utan konkurranse, der ein kan låne både ballar og utstyr.

– Det er ikkje så mange vaksne på torsdagsgolfen. Det er interessant og spennande synest dei unge, men det er dette med å få dei til å fortsetje. Ein blir ikkje nokon golfar på 1,5 time kvar torsdag. Det skal meir til, smiler Bortne.

Søndag er Selje vertskap for Nordvesttour.

– Det er åtte-ni klubbar mellom Sunnfjord og Ålesund som kjem. Kvar klubb har ei turnering, og dette har vi halde på med sidan 2011, avsluttar Halsør.