Kenneth Vedvik er sportsleg leiar i skigruppa til Eid Idrettslag, som arrangerer motbakkeløpet Trollenykjen opp søndag 2. juli. Han vart intervjua i vår Fort sagt-spalte fredag:

Namn: Kenneth VedvikAlder: 33 årAdresse: EidSivilstatus: sambuarYrke: lærar på barneskulen i EidHobby: skitrenar, glad i å bowle, friluftsliv og fotballAktuell med: er sportsleg leiar i skigruppa til Eid Idrettslag, som arrangerer motbakkeløpet Trollenykjen opp søndag 2. juli

– Korleis blei du med som arrangør?

– Det var eigentleg naturleg. Eg har vore aktiv skiløpar då eg var yngre, og kom med i styret for fem-seks år sidan. Då var motbakkeløpet allereie godt innarbeida. Det såg spennande ut og eg fekk meir og meir lyst til å bidra sjølv. Så har motbakkeløpet utvikla seg gradvis dei siste åra og blitt meir og meir populært.

– No er alt klart for søndagen?

– Ja, no gjeld det berre å få fint vêr. Det er alt vi manglar. Men vêrprognosane er ikkje sikre enno, så vi håpar at det blir greitt. Men når det gjeld sjølve arrangementet, så skal alt vere klart no.

– Litt regn stoppar vel ikkje eit motbakkeløp?

– Nei, det gjer det heldigvis ikkje. Men det er klart at vi ønskjer å få med så mange mosjonistar som mogleg. Det er dei som skapar rammene rundt eit slik arrangement. Så no må mosjonistane kome på bana og vere med, for det er utruleg viktig å få med dei.

– Kva klasser kan ein delta i?

– Per no har vi mosjonistklasse og konkurranseklasse. Kanskje blir det interessant å få med til dømes bedrifts- eller lagklasser. Men det blir i framtida, og ikkje i år. Og så ønskjer vi gjerne å få med fleire damer. Trollenykjen opp har vore veldig mannsdominert. Så vi håper at endå fleire damer vil vere med i år.

– Korleis er løypa ein må gjennom?

– Løypa er på cirka 4 km, og er som «Skåla opp»-traseen i kortversjon, med start på 10 moh. og mål på 898. Dei første hundre metrane går på skogsveg, og deretter på fin sti gjennom lauvskog til ein er kome litt over halvvegs. Over skoggrensa går stien vidare gjennom vekslande myr- og jordgrunn, til ein så får fast fjell under beina siste del av løpet.

– Kor mange er påmelde til no?

– Det er alltid slik at det er dei to siste dagane der ting skjer. Påmeldingsfristen er sett til dagen før. Vi reknar med at i konkurranseklassa kjem vi til å få mellom 60–70 deltakarar, og i mosjon håpar vi på godt over 100.