– Eg ville vere med fordi eg følte meg i bra form. Eg er fornøgd med løpet og har lyst til å vere med fleire gonger, fortel han.

Lågeide var ein av to ungdomar frå arrangørklubben Bremanger IL, som stilte i konkurranseklassa. Den andre var Håvar Rosø.

– Eg likar godt å gå på fjellet. Favorittplassen er Steinfjellet. Der kan ein gå sjølv om det er skodde, forklarar Lågeide.

I sommar håpar han å kome seg opp på Hornelen.

– Vi skulle eigentleg i fjor, men det var avlyst på grunn av skodde, seier 15-åringen.

Tunge forhold

Etter ein periode med mykje regn, fortel arrangørane at det var vått i løypa fleire stadar og tunge forhold for dei 333 deltakarane, som deltok i konkurranse- og mosjonsklassa. Deltakarane starta på Grotlesanden og sprang og gjekk om lag 4,6 kilometer opp til fjellet Veten, som ligg 527 meter over havet. For Lågeide vart det spesielt tungt på slutten.

– Faren til Andreas stod cirka to kilometer før mål, og sprang siste halvdel av løypa saman med han, og motiverte Andreas til å fortsette, fortel mor Irene Lågeide.

– Dei siste 200–300 meterane stod eg, søsken og venna og heia han opp den siste bakken, fortset Lågeide, som sjølv ikkje hadde vore på Veten sidan 2010, men måtte opp når sonen skulle springe.

Andreas har trent mot løpet, og etter mange fjellturar med faren var målet å nå toppen på under 50 minutt, det har han ikkje klart tidlegare.

– Dette klarte han med to sekunds margin, så det gjekk akkurat, smiler Irene.

No skal dei finne ein fin plass til medaljen i huset på Hauge.

Sterke prestasjonar

Den som først kom i mål i Vetenløpet var Thorbjørn Thorsen Ludvigsen. Tida vart 27.06, og han vart dermed første herreløpar som fekk vandrepokalen til odel og eige.

Raskaste kvinne vart May Britt Buer på 32.56.

– Det var litt vått og sleipt i traseen, noko som gjorde det tungt for deltakarane. Det vart ikkje nokre nye løyperekordar i år. Det var det ikkje gode nok forhold til, samanfattar Annbjørg Hauge Nygård, som er leiar i arrangørgruppa for Vetenløpet.

Av lokale deltakarar var det Gisle Skjølberg frå Bremanger og Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy som gjorde det best. Skjølberg var i mål etter 33 minutt og 23 sekund, medan Kvalheim brukte 40 minutt og 14 sekund. Begge deltakarane sørga med dette for ein 6.-plass i herre- og kvinneklassa.

– Det var veldig spennande med tanke på kor mange som skulle melde seg på. Men når vêret vart så fint som det vart, så kom ein del og melde seg på på løpsdagen. Vi er veldig fornøgde, det må vi berre seie. Alt gjekk fint føre seg og vi fekk veldig gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Dei vil kome tilbake, og det tydar på at det har vore bra, seier Nygård.

Ho fortel at det i år som i fjor var mykje folk i løypa og på toppen som heia fram deltakarane.

– Det var veldig god stemning på toppen. Dei fleste vart att ei stund etter løpet, fortel Nygård, som ønskjer å takke alle som var med.

– Og så må eg få takke Svelgen og Bremanger Røde Kors for innsatsen. Det er viktig at dei er med, legg arrangøren til.

Resultater

Gutter 15-16 år (2 deltakere)

1. Håvard Rosø, Bremanger 38.38

2. Andreas Lågeide, Bremanger 49.58

Menn 17-22 år (7 deltakere)

1. Sondre Øvre-Helland, Viking 29.57

2. Sigmund Kvalheim, Måløy 36.21

4. Espen Rosø, Eid 37.46

Kvinner 23-34 år (4 deltakere)

1. Eirin Aasen Kvalheim, Måløy 40.14

2. Anne Lina Hessevik, Bryggja 45.51

Menn 23-34 år (17 deltakere)

1. Thorbjørn Ludvigsen, Skanska 27.06

6. Espen André Vadøy, Davik 37.57

9. Victor Sundgren, Bremanger 40.17

11. Trond Furnes, Bremanger 42.08

15. Meron Asmerom, Bremanger 44.27

Menn 35-39 år (2 deltakere)

1. Vegard Åstebøl Larssen, Måløy 39.25

Menn 40-44 år (5 deltakere)

1. Gisle Skjølberg, Bremanger 33.23

4. Roger Nygård, Nygård Toppidrett 38.00

Menn 50-54 år (4 deltakere)

1. Jan Arve Solheim, Florø 34.50

2. Jan Karsten Nygård, Nygård Topp. 38.13

3. Asbjørn N. Ekerhovd, Bremanger 38.17

Menn 55-59 år (4 deltakere)

1. Hans-Aksel Fjelldal, Eid 40.50

2. Egil Holvik, Almenning 41.12

4. Svenn P. Kjerpeset, Bremanger 47.06

Kvinner 65-69 år (1 deltaker)

1. Liv Berge, Åheim 55.16