Namn:  Jan Vidar SmenesAlder:  45 årAdresse:  SeljeSivilstatus:  gift med Therese, to barn, Felix og BastianYrke:  ROV superviserHobby:  trening, triatlon og politikkAktuell med:  arrangerer Selje Challenge for femte gong laurdag denne helga

– Kva er det som skjer under Selje Challenge?

– Det er eit triatlon der deltakarane sym langs Seljesanden, syklar ei runde i Selje sentrum og opp fjellet, for så å springe eller gå til toppen av Tarvalds-eggja. Alt er på tid, og delt i dame-, herre- og lagklasse.

– Er det mogleg å vere med på berre ei av etappane?

– Ein kan velje å berre ta sisteetappen, fjellturen. Og dersom ein er tre stykk, så kan ein melde seg på i lagklassa. Då er det ein som sym, ein som syklar og ein som tek fjellturen.

– Det er femte gongen de arrangerer, har de endra på noko?

– Vi vel å følgje suksessoppskrifta frå dei tidlegare åra. Vi er mange som er drilla på måten vi har gjort det før, og det kjennest trygt og godt å arrangere det slik. Det einaste som er litt annleis er at vi arrangerer på seinsommaren i staden for midt på sommaren som tidlegare. Det er ingen spesiell grunn til det anna enn at vi tenkte å prøve korleis det var å lage det til i august. Vi har om lag same påmelding så langt i år som det har vore tidlegare, så noko stor forskjell trur eg ikkje det har blitt av å flytte på løpet.

– Når er siste frist for å melde seg på konkurransen?

– Vi har eigentleg sagt at onsdag var siste frist, men det vert nok mogleg å registrere seg nesten heilt fram til start. Men då må ein dobbelsjekke sjølv at ein faktisk er påmeldt. Elles så har vi eit tak på 50 deltakarar i kvar klasse, det er nok.

– Kor mange er i sving for å hjelpe til i løpet av laurdagen?

– Eg tenker vi er i overkant av 40 frivillige, dugnadsånda er det ingenting å seie på i Selje, og vi har vore i gang med rigginga i fleire dagar allereie. I tillegg har vi samarbeid med Røde Kors som kjem til å vere godt synleg i løypene, blant anna med pledd på toppen.

– Vil dårleg vêr sette ein stoppar for konkurransen?

– Eg har ikkje turt å ta vêrmeldinga så seriøst enda, det skiftar fort så vi kryssar fingrane for sol og bra vêr. Vi avlyser ikkje på grunn av regn, men dersom det vert mykje nordavind og store bølgjer må vi ta det til vurdering. Men det skal ein heil del til!