Motbakkeløpet Troda Opp vart gjennomført for 3. gong sist laurdag med 25 deltakarar i konkurranseklassa. Tolv av deltakarane gjorde den 5 kilometer lange løypa på under ein time. Fleire låg berre få minutt etter.

Frå starten ved Davik skule til målet på toppen av Troda er det 940 høgdemeter.

Over Davik truga skiftande skyer heile tida under løpet med yr, og løypa var våt og tung.

På toppen var samla kring 30 mosjonistar, også dei på tid. Alle fekk deltakarmedalje, og jubla og klappa løparane inn mot varden på toppen av Troda. Skodda gav eit noko diffust omriss av kjempande atletar i motbakke. Dårleg sikt dempa imidlertid ikkje entusiasmen i publikum. Så alle, heilt til siste mann, fekk sin jublande stimulans dei siste 50 – 100 meter fram til varden.

Troda Opp 2017 er ein del av SFE motbakkecup. Den består av fire motbakkeløp i Nordfjord. Der deltaking i tre av fire løp kvalifiserer til t-skjorte og trekning av pengepremier. I alt åtte, der den største var på 3.000 kroner, trekt på startnummer.

Arrangørane i Davik har som føremål med løpet å skape ein rettferdig konkurrane i god norsk idretts- og fjellånd. Dei ventar at deltakarane medverkar til å skape eit triveleg arrangement ved sportsleg, heiter det i informasjonen dei sende ut føre løpet.

Og løpet avslutta så avgjort med ein oppfylt intensjon.