Det seier Tornado Måløy-spelar Marte Christine Jørgensen etter nok eit tap denne helga.

– Vi burde ha vunne denne kampen. Eg følte vi hadde overtaket og spelte som eit lag, og alt i alt var det faktisk ein ganske bra kamp frå vår side. Men så stemmer ikkje den siste biten framfor mål. Det blir litt for mykje rot, seier Jørgensen.

Ikkje noko å seie på innsatsen

Ho forklarar at det er småting som har gått igjen heile sesongen som er med på å felle dei.

– Det er småfeil, som det å ikkje treffe med pasningar, feilvurderingar i siste trekket framfor mål, dårleg førstetouch og sleivar som gjer at vi ikkje heilt når opp. Det er viktige detaljar som kan bli betre med meir trening.

Tornado Måløy kunne juble allereie etter fem minutt då Ann Kristin Rosøk Kvalheim sette inn 1–0 og sitt første seniormål. Etter 90 minutt måtte dei likevel sjå seg slått 1–2.

Jørgensen understrekar at mange av spelarane på laget er svært unge, og manglar rutine.

– Men det er sånn som kjem etter kvart, det gjeld berre å halde motet oppe, og ikkje gi opp. Og det er ikkje innsatsen det står på. Der er vi på plass heile gjengen.

Ønsker seg tre poeng

I kampen mot Sandane/Breimsbygda såg det først lyst ut, og Tornado Måløy tok leiinga allereie etter fem minutt, då Ann Katrin Rosøk Kvalheim scora sitt første seniormål.

– Men så fekk vi mål i mot att ikkje så lenge etterpå og det verka å gjere oss litt nervøse. Til slutt måtte vi sjå oss slått.

– Men eg trur vi alle ønsker oss ein siger før sesongen er over. Det hadde vore kjempekult å ta Stryn i siste bortekampen vår. Det er ikkje umogleg, vi har vunne mot dei før. Vi får berre håpe at marginane er på vår side.

KAMPFAKTA

3. divisjon, kvinner

Tornado Måløy – Sandane/Breimsbygda 1–2 (1–1)

Mål: 1–0 (5) Ann Katrin Rosøk Kvalheim, 1–1 (14) Martine Kvamme, 1–2 (61) Marit Mardal

Dommar: Muhamet Barlla, Eid

Gule kort: ingen

Tornado Måløy: T.-L. Hjertenes, A. K. Kvalheim, R. Blaalid, S. Refvik, F. Nordpoll, I. Røed, H. Gudmundsdottir, E. Volle, V. Johansen, T. Sæten, M. Jørgensen

Innbytarar: C. Vedvik, H. Sætren, T. Televik, K.-M. Hoddevik.