– Det har vore ei enorm helg med mange kjensler. Dette er ein prestasjon utan sidestykke. Eg trur ikkje folk skjønar kva prestasjon det er. Vi møtte eit Arna-Bjørnar med flust av aldersbestemte landslagsspelarar og toppseriespelarar. Heile angrepsrekkja deira er J19-landslagsspelarar, samanfattar Elde.

Rett mann for jobben

Tidlegare har det vore ein del turbulens i klubben. Elde var trenar og dagleg leiar i klubben frå 2012 til 2014. Så rauk han ut av jobben. Det enda med nedrykk til tredje nivå i fjor. Før årets sesong var han tilbake. Han ser likevel ikkje på det som ein personleg revansj.

– Eg var rett mann for klubben også då eg ikkje fekk tillit vidare. Vi hadde hatt ein god sesong. Men då var det nokon som ville det annleis.

Fredag vann laget hans 2–1 over favoritten Arna-Bjørnar i NM-finalen for J19-lag i Telenor Arena.

«I kjellaren» 14 dagar før

Emilie Nautnes gav Arna-Bjørnar leiinga etter åtte minutt. Først utlikna Kari Erstad Skovly etter 24 minutt, og berre to minutt seinare sette Vivian Ronaha Saadi inn sigersmålet for Fortuna. Dermed kunne Elde, Bjørhovde og resten av gruppa kalle seg noregsmeistrar.

Det einaste som legg ein liten dempar på jubelen, er at seniorlaget ikkje lukkast med målsettinga om opprykk til 1.-divisjon. Dei vann avdelinga, men lukkast ikkje i returoppgjeret mot Larvik-klubben Nanset.

– For 14 dagar sidan var vi heilt i kjellaren etter at opprykket rauk. Det gjer sigeren i helga ekstra sterkt.

Elde har kontrakt med Fortuna også neste sesong. Han trener i tillegg herrelaget til Blindheim som har kjempa i toppen av 5. divisjon denne sesongen. Samstundes driv han fotballfritidsordning.

– Det er stort sett same laget som har spelt på seniorlaget vårt denne sesongen. Av stallen på 20 spelarar er 15 også med på J19-laget.

Vil leve av fotball

Elde er opphavleg frå Fossestranda i Ytre Bremanger, og han held god kontakt med Bremanger-miljøet. Alle åra han har budd i Ålesund har han vore dagleg leiar for Havly, eit pensjonat som også fungerer som bygdehus med ulike tilstellingar.

Elde seier han trivest i Ålesund og ser føre seg å halde fram med å bu i byen. Men han er ikkje låst til noko.

– Det eg veit er at eg ynskjer å leve av fotball slik eg har gjort dei siste elleve åra. I 2015 tok eg UEFA A-lisens. Det er alltid stor uvisse knytt til fotball, det er berre slik spelet er. Eg er fri og frank til å reise dit det er bruk for meg, samanfattar Elde.

Takkar Elde

Marthe Bjørhovde (17) frå Eid takkar trenar Magne Elde for at han henta henne til klubben.

– Det er veldig stort. Vi har fått mykje merksemd, samanfattar Bjørhovde etter NM-gullet.

– Det var Magne som henta meg til klubben framfor denne sesongen. Eg hadde høyrt mykje bra om han på førehand, og er må absolutt seie han har levd opp til forventningane som trenar.

Bjørhovde spelte jentefotball på Eid. Før sist sesong fekk ho tilbod om å spele på Volda. Då pendla ho frå Eid samstundes som ho gjekk første året på vidaregåande. Då ho fekk tilbod frå Fortuna, flytta ho til Ålesund der ho no går andre årets på idrettslina.

– Eg får berre sjå kvar fotballen tek meg. No blir eg her i alle fall til eg er ferdig med vidaregåande. Eg drøymer om å få prøve meg i ein toppklubb og å få sjansen til å spele i utlandet.

Ho fortel at ho var utespelar fram til for fire år sidan.

– Då stod eg i mål ein kamp, og fekk høyre at eg hadde talent som keeper.

Både foreldre, besteforeldre, tanter og onklar var på plass på tribunen.

– Marthe leverte til dei grader i finalen. Ho hadde nokre viktige redningar og spelte nærast prikkfritt, seier Elde.