– Det handlar om å tilby Vågsøy litt fleire aktivitetar enn det som er her no. Det er mange som ikkje spelar fotball eller går i korps, seier Thor-Erik Nygård, leiar i Vågsøy motorsportklubb.

Ein som ser fram til å få ei bane å køyre på, er Daniel Kongshaug (10)

Daniel (10) og Emil (3) gler seg til å køyre på bane. Her med pappa Trond Kongshaug.

– Eg trur det blir kjekt, seier han.

– Det er positivt og det blir kjekt med ei bane. Det ser ut til at det blir meir og meir interesse for dette her, seier Trond Kongshaug.

– Vi har eit mål om å få klar bana i år, få den godkjent av Norsk motorsportforbund slik at det går an å køyre på den, seier Eirik Silden, og fortset:

– Vi vil få på plass ei bane så ungane kan køyre på ei skikkeleg bane med skikkeleg utstyr i staden for at dei køyrer overalt og skadar seg.

Sleppe å køyre til Stryn

– Motocross er ein sport for alle, frå 4–5 år til 100 år, seier Ronny Mobakken, og legg til at ein også får crossyklar med støttehjul.

Ved å lage til ei bane håpar motorsportklubben å få til eit større motocrossmiljø i Vågsøy.

Vågsøy-klubben tel cirka 20 medlemmar i dag, og dei trur mange står på trappene til å melde seg inn.

– Mange sit og ventar, og gidd ikkje kjøpe sykkel for å reise inn til Stryn og køyre, seier Silden.

No er det nemleg slik at dei som er aktive, må køyre til for eksempel Stryn eller Sandane for å køyre på bane. Det er også ei mindre Endurobane i Kalvåg.

– Med ei eiga bane her, så vil ein også få ein anna tilhøyring. Du får eigarskap til bana kontra det å reise ein stad og leige bane. Her kan du finne på at du skal male ein vegg, eller koke kaffi, trur Ronny Mobakken.

Maskiner, grus og dugnad

Klubben startar i desse dagar ein spleis-aksjon for å samle nødvendige midlar til å få i gang arbeidet. Dei anslår at dei vil trenge mellom 100.000 og 150.000 kroner i startkapital.

Her har motorsportklubben illustrert korleis dei ønskjer den ferdigstilte bana skal sjå ut.

– Vi frir også litt entreprenørar, om dei vil hjelpe oss med arbeidet. Det handlar om å få maskina i gang og at folk ser at det skjer noko her. Kanskje greier ein å få tak i ungdom som ikkje er med på noko. Det er ei samfunnsnytte i det, seier Mobakken.

– Det som er bra her ute, er at også det er lite snø her på vinteren. Ein kan køyre mykje lenger her enn i Stryn. Der må dei stenge ganske tidleg på grunn av sesongen, seier Silden.

Utstyrsleige og motorinteresse

På sikt ønskjer klubben også ha syklar og utstyr ein kan leige.

– Vi må ha eit tilbod der vi kan leige ut syklar, men det er langsiktige planar. Ein sykkel er rimeleg dyr å kjøpe inn, og det kan jo ikkje vere slik at det skal vere ein sport der alle må kjøpe seg ein sykkel til 40.000 kroner. Det må vere slik at alle kan ha eit tilbod, seier Mobakken.

Han trur det har stor verdi å fange opp dei som ikkje nødvendigvis spelar fotball eller er med i speidaren.

– Om vi får tak i desse og får opp interessa for å skru, så trur eg det kjem det til å synest igjen hos verfta. Når ein først kjem inn, og får ein interesse for dette, så tar ein også kanskje utdanning i mekaniske fag, seier Mobakken.

– Og får vi opp brakker på ein skikkeleg måte, så kan dei som vel å kjøpe seg syklar, ha syklane her ute, i lag med leigesyklane. Då slepp ein å dra dei med seg heim kvar gong. Så kan ein stå her på kveldane og skru syklar. Kanskje kan det bli ein samlingsplass, seier Silden.

Vil kurse fleire leiarar

Vågsøy motorsportklubb blei oppretta i 2015 og tel i dag kring 20 medlemmar. Eit tal dei trur vil auke når det blir meir aktivitet med bane i Vedvik. Leiar i klubben, Thor-Erik Nygård, er per dags dato den einaste med sikkerheitsleiarkurs, aktivitetsleiarkurs og som er greinleiar. Det siste inneber at han kan vurdere ferdigheitene til førarane, slik at dei får lisensen som Norsk motorsportforbund krev at du har for å køyre. Målet er at fem-seks personar skal ha dette.