FOTBALL (G16 Svelgen - Ullern Headhunters FC 3-3, 3-4 e.e.o.): Svelgen klarte 3-3 mot sterke Ullern Headhunters FC, men det tok ikkje lang tid av ekstraomgongane før moroa var over.

Etter endt ordinær speletid er det nemleg "golden goal" som gjeld i Norway Cup, og etter ein jamnspelt kamp var det Oslo-laget som trakk det lengste strået i 32-delsfinalen i 7'er-fotball.

Skuffa

Det var ein skuffa, men fatta Svelgen-gjeng som gjekk av bana etter kampen. Då dei starta å tenke på Norway Cup 2015 som ei samla oppleving, var tonen god.

- Det har gått bra, sjølv om vi er skuffa no. For denne kampen kunne vi godt ha vunne, seier kaptein Tobias Bueie. Dei har motteke god matching i gruppespelet, spesielt mot Orion Sporting som slo Svelgen 3-1 tysdag.

- Dei tok oss skikkelig, seier han om det egyptiske laget.

Godt lag

Ullern var også eit godt lag som spelte disiplinert og effektivt.

- Dei var verkeleg gode, så vi tapte ikkje for noko dårleg lag. Resultatet er heilt greit, seier Bueie. Svelgen-spelarane har ofra mykje i kvar kamp i Norway Cup, og det var folk som hadde brukt opp heile lageret av krefter på onsdag.

- Spesielt folk som har vore i Dana Cup i tillegg, seier Tobias. No blir Svelgen heiagjeng.

- Vi har eit småguttelag som skal spele kamp seinare i dag, og i tillegg skal vi også følge med Leirgulen/Davik, seier Tobias.