Her ser vi dei to laga som vann gull under Mix-stafettane  under NM for juniorar i Steinkjer i helga.

Dei imponerande resultata viser at det gror godt bak Tarjei Bøe.

Gullvinnarane i klassa 17-21 år bestod av Heidi Flo Bødal (Stårheim), Håvard Guttebø Bogetveit (Førde) og Jarle Midthjell Gjørven(Stryn og Markane).

Det andre laget som tok gull var i klassa 17-18 år bestod av Isak Flo Bødal(Stårheim), Mari Sollid Eide (frå Sandane som går for Stårheim) og Lars Midthjell Gjørven(Markane).

- Begge desse seierane er historisk av den grunn at Sogn og Fjordane aldri tidligare har teke NM-gull i Mix Stafett. Og når Sogn og Fjordane endeleg gjere det så tek vi like godt to av tre mulige på ein og same dag, seier Helge Otterdal som er presseansvarleg i team Statkraft Nordfjord.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.