3. juni brakar det laust med Blåfelden Rett Opp. Arrangøren håpar at endå fleire kvinner hiv seg med på motbakkeløpet.

– I fjor starta vi opp med lagkonkurransar, som vart ein kjempesuksess. Men vi håpar at fleire damelag stiller i år.

Dette er det niande året Blåfelden Rett Opp blir arrangert i Syvde. Det heile starta med eldsjeler og næringsliv som ville skape noko unikt i Syvde.

– Det var då motbakkeløpa starta å bli populære, så vi heiv oss på trenden. Blåfelden er ei hard løype og ikkje noko pingletur, men det er slik det skal vere, meiner han.

Og sjølv om det er eit hardt løp, har han trua på at det kjem til å renne på med deltakarar i år.

– Ja, vi trur det blir bra oppmøte både i mosjonsklassa og konkurranseklassa. Så håpar vi at flest mogleg vil vere med å konkurrere, for det skapar stemning.