FOTBALL:   – Det var ein godkjend debut, fortel Ylinn Tennebø etter sin aller første landskamp.

– Det var kjempekjekt, sjølvsagt. Utruleg gøy, fortel 16-åringen frå Holvik i Vågsøy.

Ho var i den startelleveren då Jenter16-landslaget møtte Island i ope nordisk meisterskap på søndag.

Nestenscoring

Tennebø spelte høgre kant i drøye 70 minutt i kampen som dei norske jentene vann 4–2.

– Det er ein vant posisjon, fortel Ylinn, som også hadde ei avslutning i tverrleggaren.

– Det var ikkje så langt unna at den gjekk i mål, seier ho.

Sjølv om eit mål i debuten hadde vore prikken over i-en, er ho svært nøgd med sin første kamp for Norge.

– Eg har tenkt litt på det, men vi vann jo kampen, så det hadde ikkje hatt så mykje å seie for resultatet.Dagen etter landslagsdbuten hadde ho ikkje fått noko evaluering frå trenarteamet.

– Vi har ikkje fått så mykje tilbakemeldingar, men vi får det nok utover i veka sikkert, seier Ylinn.

– Veldig stort

Tennebø blei teken ut på landslaget i fjor, men kunne ikkje reise på grunn av skade.

– Så dette har absolutt vore eit mål. Det er stort, sjølvsagt. Det er ikkje alle som får gjere dette. Eg er veldig stolt, seier Vågsøy-jenta. Ho reiste til Østfold på samlinga onsdag og blir til fredag.

– Det har gått veldig fint. Det er kjempekjekt. Det er mykje eting, kviling og trening, det er ikkje tid til så mykje anna. Etter landslagssamlinga ber det til både Dana Cup og Norway Cup.

– Det blir ikkje så mykje ferie, for det er jo så utruleg kjekt, smiler Ylinn. Ho sat på benken gjennom heile åpningskampen mot Frankrike. Og om ho får spele mot Danmark, som Norge møter i dag tysdag, var uvisst då avisa gjekk i trykken. – Vi har ikkje fått beskjed endå. Men eg er klar, sjølvsagt!

Vilde Hasund frå Åheim er teke ut til jenter 19-landslaget som skal representere Norge i J19-EM i Slovakia i juli. Meisterskapen går av stabelen i perioden 19.- 31. juli.