Etter å ha lagt under i kvartfinalen mot spanske Yecla, avgjorde Vebjørn Høynes kampen på overtid. Gutane frå Eid er no klare for semifinale.

Etter to sigrar og eitt tap i gruppespelet hamna nittenåringane frå Eid på andreplass i si gruppe i Costa Blanca Cup, som går føre seg i Benidorm i Spania.

– Alle meisterskapslag tapar ein kamp i gruppespelet, seier trenar Bjørn Totland.

Med ein andreplass enda dei likevel i A-sluttspelet, og vann 2–1 i kvartfinalen mot Yecla torsdag.

Overraska motstandarane

Gutane frå Eid vann dei to første kampane sine, og i følgje Totland overraska dei motstandarane med høg intensitet. I siste gruppekamp klarte Eidarane derimot ikkje å putte, til trass for fleire sjansar.

– Vi hadde lite energi, og det var rett og slett spanjolane som ville mest, fortel Totland på telefon frå Spania.

Han understreka at kampen likevel var jamn, ikkje annleis frå dei to første kampane.

– Dessutan er dette noko vi har erfaring med frå serien. Når vi har spelt fleire gode kampar på rad er det typisk at det kjem ein som er litt mindre god, seier Totland.

Etter kampen fortalde trenaren at gutane sjølvsagt var skuffa, men understreka at dei alltid prøvar å halde fokuset oppe.

– No har vi nettopp hatt eit møte, og så prøvar vi å legge kampen bak oss. Vi kan ikkje henge med hovudet, seier Totland.

Overtidsdrama

Då Fjordenes Tidende prata med Totland rett etter kvartfinalen, fortalde han om den mest dramatiske kampen hittil i turneringa.

– Vi låg under heilt til det var ti minutt att. Då utlikna vi, og så klarte vi å ta leiinga heilt på tampen, fortel Totland i ekstase.

Han legg til at det er ellevill stemning, og seier at dei no skal prøve å lande litt. Fredag spelar dei semifinale mot det spanske laget Almansa.