Selje-cup samla mellom 1.100 og 1.200 unge fotballspelarar på Selje idrettspark i strålande vêr.

Idrettsgleda var tydeleg, og arrangørar og spelarar er godt nøgde med cupen så langt. Berre laurdag vart det spelt 120 kampar på kunstgraset i Selje.

Øvst i saka kan du sjå eit knippe bilete frå laurdagen. Du kan lese meir om arrangementet i Fjordenes Tidende tysdag.