– Eg meiner vi blir behandla på same måte som herrelaget. Vi får treningstider og har ein plass å trene. I tillegg er det dei småtinga som at når vi kjem på trening har spelarane kvar sine skap, både på herre- og damelaget. Slike enkle ting er viktig for det viser tydleg at vi blir likebehandla, seier spelar Rakel Televik Blaalid.
Ho peiker også på at det blir stilt dei same krava til alle spelarane i Tornado Måløy.
– Dei krava vi stille til klubben blir innfridd, og klubben stille dei same krava til oss som dei gjer til herrelaget med tanke på dugnadar, oppmøte og prestasjonar. Det at ein både stiller krav og blir stilt krav til handlar om likestilling.
Held fast i håpet
– Damelaget går føre for jentelaga og bidrar til ei positiv utvikling for jentefotballen. Dei ser at det er gode trenarar og gode sportslege tilhøve også etter aldersbestemt. Det har vi lukkast med, for vi ser at delen jenter i TMFK aukar stadig.
Tornado Måløy har cirka 150 guttespillere og i overkant av 100 jenter i klubben.
Televik Blaalid får støtte frå trenar Per-Magne Løken.
– Eg syns vi blir behandla godt. Vi har det vi trenge knytt til utstyr og treningstider. I tillegg har vi gode kamparrangement med speaker og kiosk. Vi føler at vi blir tatt på alvor.
Løken meiner dette ikkje er tilfelle i alle dei andre klubbane i 3. divisjon.
– Under kampen på Fosshaugane fredag var der ikkje speaker, vi fekk elendige ballar å varme opp med og det var ikkje så godt som ein kartong med juice i garderoben. I TMFK er kamparrangementa ganske like for damer og herrar, men det er ikkje tilfelle andre plassar.
Gjekk for fort
Sjølv om TMFK-laget har gode føresetnadar i klubben vart det eit tap då blåtrøyene besøkte saftbygda fredag kveld.
Det var heimelaget som opna kampen best med scoringar etter 14 og 18 minutt.
– Vi visste at vi møtte eit godt lag, så vi prøvde å ligge lågt og få inn nokre kontringar. Men når dei scorar så tidleg i kampen, så er det sjølvsagt ikkje den starten vi håpa på, fortel TMFK-trenar Løken.
Gjestane og Synnøve Myhre Refvik reduserte på ei straffe i det 28. speleminuttet, men det hjelpte lite sidan sogningane fekk ei scoring til før pause.
I andre omgang sette vertane to ballar til i målet bak TMFK-keeperen, og sluttresultatet vart 5–1 på Fosshaugane.
– Som alltid så er det ingenting å seie på innsatsen. Vi møtte eit godt teknisk lag og tapte fortent. Vi hadde gode periodar, men det gjekk rett og slett litt for fort for oss.
KAMPFAKTA
3. divisjon, kvinner
Sogndal–Tornado Måløy 5–1 (3–1)
Mål: 1–0 (14) Irene Steig, 2–0 (18) Vilde Sofie Haveland Sleire, 2–1 (28 str.) Synnøve Myhre Refvik, 3–1 (37) Haveland Sleire, 4–1 (72) Trude Kveane, 5–1 (78) Kveane
Dommar: Torgeir Heimdal Aase, Vik
Gult kort: Stine Teige Nilsen, Tornado Måløy
Tornado Måløy: T.-L. Hjertenes, A. K. Kvalheim, H. Sætren, S. Myhre Refvik, I. Apneseth, H. Gudmundsdottir, S. Teige Nilsen, K. Trollebø, I. Navelsaker Røed, C. Eriksen Vedvik, M. C. Jørgensen
Innbytarar: E. Volle, N. Nykrem Hoddevik, V. Farstad Johansen, T. Televik