– Det må bli seier. Det kan ikkje bli tap. Der har vi gode sjansar og vi er nok favorittar i den kampen, seier Kristian Lefdal.

Spissen og resten av Eid-laget har ein stygg målforskjell etter to kampar så langt denne hausten. Førre veke vart det eit 9–1 tap mot Sogndal2 og fredag måtte eidarane reise frå Årdal med tre baklengs i bagasjen.

– Målforskjellen ser ikkje så bra ut, men om ein samanliknar med starten på vårsesongen, så var ikkje den så bra heller. Får vi ein seier mot Tornado, så ser det plutseleg ikkje så dårleg ut, seier Lefdal.

Ny formasjon

Eidarane reiste til Årdal med mål om å spele betre enn dei gjorde mot Sogndal2. Dette meiner Lefdal dei lukkast med.

– Eg føler at vi spelte ganske bra. Vi hadde kontroll på kampen, men slapp inn tre enkle mål utan at vi klarte å score sjølv, forklarar Lefdal.

Han meiner at gultrøyene spelte betre i oppgjeret enn det resultatet viser.

Lefdal fortel vidare at dei før kampen endra formasjon til 3-5-2, og at dette funka bra.

– Vi får meir defensiv tryggleik. Den funka greitt den. Vi må springe mykje, men vi er eit bra trent lag, så det skal gå fint.

– Vi prata om å gjere nokre justeringar i presset. Vi har jo ikkje trent på denne formasjonen, men oppsummeringa var at vi spelte bra med ballen, forklarar spissen.

I andre omgang hadde eidarane fleire store sjansar. Gjestane kunne notere seg for eit stolpeskot og ved to høve var ein Eid-angripar aleine med Årdølene sin keeper.

Likevel var det heimelaget som kunne notere seg to nettkjenningar i andre omgang.

– Vi er for dårlege i begge boksane. Vi scorar ikkje nok mål. Vi hadde fire-fem sjansar som vi kunne scora på, og då hadde resultatet blitt eit anna, konstaterer Lefdal.

Har litt å gå på

Trass i at resultatet vart eit tap på Jotun stadion, seier spissen at dei tar med seg mykje positivt frå kampen.

– Vi kontrollerte kampen og vi skapte nok sjansar til å vinne kampen, men dessverre så er ikkje sjansar nok, seier Lefdal, og legg til:

– Det er den siste tredelen vi slite med. Vi er gode på midten, men det er bevegelsar som ikkje sit heilt enda, så vi har litt å gå på der.

– Noko opprykk blir det nok ikkje, men topp 3 eller topp 4 må vere mogleg. Vik skal vi i alle fall klare å ta att. Men vi må begynne å vinne kampar.

Framover ventar det tre lokale oppgjer for eidarane. Som nemnt tar Eid i mot TMFK komande torsdag. Så ventar Bremanger (b) og Stryn (h).

– Stryn blir årets kamp på Eid stadion. Eg har ikkje vore med å slått Stryn i ein teljande kamp, så det er jo på tide, smiler Lefdal, og fortset:

– Bremanger borte er alltid ein tøff kamp, men vi skal i alle fall gjere vårt.

KAMPFAKTA

Kretsligaen, menn

Årdal–Eid 3–0 (1–0)

Mål: 1–0 (14) Christian Stedje, 2–0 (58) Truls Hovland, 3–0 (90+1) Johnny Aspeseter Hagen

Dommar: Erlend Nondal Lereim, Kaupanger

Gult kort: To til Årdal

Eid: J.R. Hoddevik, S. Grøttå, H. Haugen, A. Hagen Henden, E. Rosø, H. Holmøyvik, V. Høynes, R. Lillestøl Naustdal, A. Melikyan, D. Haus, K. Lefdal

Innbytarar: K. Årskog, S. Hafsås, J. Vedvik