– Dette er vårt slag for ei betre folkehelse. Idrett og aktivitet er noko vi har prioritert i selskapet sidan oppstarten. Vi har tru på at folk kan bevege seg litt meir. Den største effekten får ein om ein går frå sofaen og berre bevegar seg litt. Då går formkurva rett til himmels, seier administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa.

Vil auke interessa

Gjennom Sjømatrådet er laksenæringa i Norge hovudsponsor for sykkel-VM som går av stabelen i Bergen i september. Heile næringa har i tre år samarbeidd for å sponse sykkelforbundet, samt å få opp interessa for sykkel.

– Vi var med på Tour of Norway for kids, og vi er med på opplegget fram mot sykkel-VM i Bergen. I tillegg ønskjer vi å motivere til meir aktivitet i lokalmiljøet, fortel Søraa.

I appen Sykle til VM, som ein kan laste ned til smarttelefonen sin, er det lagt inn ulike punkt i alle kommunane i Norge som ein kan sykle eller gå til for å få poeng.

– Det var lagt inn punkt i Vågsøy, men dei låg stort sett i Måløy. Så vi tok ei aktiv rolle og fekk flytta punkta og laga nokre nye rundt om i kommunen, fortel Camilla Solheim Nore, som er prosjektansvarleg for Coast sine sykkelprosjekt.

Noko for alle

Punkta finn ein i stort sett alle bygdene i Vågsøy, og ein finn dei blant anna i trimløypa i Måløy, ved Kannesteinen, i Vågsvåg, Holvik, Deknepollen, Almenningen, Bryggja, Refvik, Raudeberg og på Kråkenes fyr.

– Vi vil ha ut både unge og gamle, og har tenkt på det når vi har lagd punkta. I tillegg er det også mogleg å gå frå punkt og punkt, sjølv om det i nokre høve kan bli ein litt lang tur, seier prosjektleiaren.

Coast Seafood har ein premie som blir trekt ut blant dei under 18 som har fullført 1 punkt per etappe og dei over 18 som har fullført 2,5 punkt per etappe i snitt. Konkurransen strekk seg frå veke 27 til 36.

– Premien blir ein sykkel til 24.000 kroner. Det finst også nasjonale premiar som ein kan vinne, fortel Nore, og fortset:

– Vi i Coast har valt å satse ein del på sykkel. Vi ønskjer sunnheit og helse, samt å bidra i lokalmiljøet. Dette er ein app som skal fremje folkehelsa ved å få folk ut å sykle eller gå.