Magnus Krogsæter Aarre, Annemarta Giske og Sander Smørdal frå Eid bidreg er alle med å oppdatere oss på kva som skjer i OL. Førstnemde rapporterer direkte frå Brasil.

– Eg har aldri vore i Rio før, så det i seg sjølv er ei oppleving. Ein er privilegert som får lov til å jobbe på eit arrangement som OL. Som ein sikkert kan tenke seg er ikkje alt av logistikk og transport på Norge-nivå, men det blir sagt at det òg er ein del av sjarmen, fortel Krogsæter Aarre, som har vore tilsett i TV2 sidan sommaren 2014.

Allsidig dekning

Eidaren jobbar som reporter og dekker fleire idrettar under OL. Det blir mykje sykkel, litt tennis og golf, og diverse anna, alt etter kor det er størst behov i dekninga.

– Stort sett er eg attende på hotellet i 22-tida. Då er det freistande å finne ein god restaurant i bykjernen for å oppleve Rio, men det ender stort sett opp med McDonalds to go og serien Friends på hotellsenga før eg sovnar. Så gjer vi det same neste dag igjen.

Enorm interesse

Sjølv om det blir mykje jobb på Krogsæter Aarre, er han ikkje i tvil om at han er på denne rette staden.

Sportsinteresse: Annemarta Giske og Sander Smørdal frå Eid jobbar begge i TV 2 Sport. Under OL leiar Annemarta blant anna programmet God Morgen Rio og Sander kommenterer svømming. Arkivfoto

Under OL er det fleire som vil ha ein bit av dei store stjernene, og Krogsæter Aarre fortel at det var eit høgdepunkt då han vann kampen.

– Like etter målgang på herrane sin fellesstart i sykkel var eg den første til å få intervjue gullvinnar Greg Van Avermaet nede på Copacabana berre nokre sekund etter at han hadde gått i mål, seier han.

Riktig kunnskap

Heime i Norge sit kollegaene og eidarane Annemarta Giske og Sander Smørdal. Dei tek også del i formidlinga av sportshendingane i OL. Giske leiar blant anna God Morgen Rio, som samanfattar øvingane som har gått føre seg medan dei fleste nordmenn har hatt hovudet på puta. Smørdal oppdaterer det norske folk på kva som skjer i svømmebassenget i Rio. Saman med Fin Gnatt kommenterer han svømmeøvingane.

– Det at vi er tre eidarar handlar nok berre om at vi sit på ein del kunnskap innan enkelte idrettar som er relevante under dei olympiske leikane. Samstundes som vi sa «nei» til sommarferie, smiler Krogsæter Aarre.