Lesarinnlegg:

«Kompensasjon»

  Foto: Kari Midtgård Råsberg

Nye artikler

Dette lesarinnlegget er skrive av Hans Gunnar Våge.

Kompensasjon

Eg las i Fjordenes Tidende, at Ap ynskjer kompensasjon for tapet av Bryggja, og undrast kvifor?


Vil ha kompensasjon for ulempen med grensejustering

Arbeiderpartiet hadde et tilleggsnotat til sitt budsjettframlegg som de presenterte for formannskapet. Dette ble enstemmig vedtatt av alle formannskapsmedlemmer.

No er ikkje minnet som det var lenger, og eg er ikkje trygg på at det eg skriv er rett. Tek eg i miss, så kan eg korrigerast.

Det eg meiner å hugse, er attende i tid, at det var sett fram forslag i kommunestyret, om nedlegging av barneskular i Vågsøy. Mellom anna på Bryggja. Innbuarane på Bryggja var ikkje samde i at skulen skulle leggast ned, og sende søknad om grensejustering, til fylkesmannen.

Dette kom nokre av lokalpolitikarane for øyra, og det vart halde eit møte mellom folket på Bryggja, og nokre av lokalpolitikarane i Vågsøy. Mellom anna ordførar Silden.

På det møtet vart det semje med bygdefolket og representantar for kommunestyret, om at ein trekte forslaget om nedlegging av skulen på Bryggja, mot at søknaden om grensejustering vart trekt attende.

Men det vart presisert av bygdefolket på Bryggja, at om forslaget om nedlegging av skulen kom opp att ein gong til, så ville søknaden om grensejustering verte sendt.

Om eg har rett informasjon, så visste Ap i det minste, at det var stor sjanse for at ein miste Bryggja, om ein gjorde vedtak om skulenedlegging. Like fullt var det nett det vedtaket kommunestyret gjorde. Kvifor?

Hatar fleirtalet i kommunestyret bryggjaværingane så mykje at dei ynskte dei over i ein annan kommune, eller er det andre grunnar som ligg bak?

Trudde medlemmane i kommunestyret at folket på Bryggja ikkje heldt lovnadane sine, og at dei ikkje ville gjere alvor av å kome seg ut or Vågsøy kommune? Eg har lese, det òg i Fjordenes Tidende, at ein lokalpolitikar i ein kommune i Nordfjord, medlem i Arbeidarpartiet, hadde fylgjande utsegn: «Ei avtale gjeld berre til ein av partane bryt den.» Nett som i Vågsøy, med andre ord. No har det seg slik, heldigvis, at ikkje alle er innmelde i Ap, og at det finst «rakrygga folk» og, som held seg til sanning, og held lovnader. Det er nokre slike i Ap og, trur eg. Om dei no er få.

Om det eg har skrive her er feil, så har de no eit godt høve til å rette opp mistaka mine, og kome fram med sanninga.

Heilt til slutt. Kommunen skulle spare massevis av pengar ved å legge ned skulen i Holvik, og skulen på Bryggja. Kan eg, og resten av folket i Vågsøy, få vite i kroner og øre, kor mykje ein har spart så langt, og kva ein reknar med å spare i åra som kjem? Og, framsynte som de er, kor mykje vil ein tene framover på at Bryggja går til Stad kommune? Eg ynskjer ei retteleg fin adventstid til dei framsynte i kommunestyret, og «alle vi andre».