Fjordenes Tidende har eit kamera på vindtavla i Deknepollen. Her kan du følge med på vindstyrken og når vinden er så sterk at Måløybrua stenger. Du kan også laste ned appen Vindvarsler frå App Store og Google Play, så har du oppdatert vindinformasjon i lomma.

For dei som er nysgjerrige på vêr og båttrafikk har vi også eit oversiktskamera som peikar mot Måløy. Dette sveipar over Måløy, frå Måløybrua til Gotteberget. Her kan du også følge med på båttrafikken i Ulvesundet.

I Selje har vi plassert eit kamera på Risnakken der ein kan sjå den fantastiske utsikta frå utsiktspunktet utover Sildegapet og Stadhavet. Og når arbeidet med det nye Seljesanden hotell startar opp kan du følge prosessen og sjå utviklinga dag for dag.

Fjordenes Tidende har også to kamera på Nordfjordeid. Desse er plassert nær cruisekaia og ved Sagastad. Her kan du følge med på cruiseanløp og aktivitet på Eidsfjorden.

For dei vêrinteresserte har vi kamera på to vêrharde plassar. Her kan du sjå magiske solnedgangar eller bølgene slå innover land ved Kråkenes fyr. Du kan også følge med på vêr og vind ved Stad, via Fjordenes Tidende sitt kamera på Vestkapp.

For dei som er meir interessert i dyreliv kan du følge hjortar, lamaer, esel, hundar og andre firbeinte som bur på Nave minutt for minutt.

Når det er straumbrot i området der webkamera står plassert blir det dessverre ikkje direktesending frå det aktuelle kameraet. Når straumen er tilbake vil sendinga gå som normalt igjen.

Alle direktesendingane finn du her: