Mann (21) laga bråk og hamna i arresten i natt

Illustrasjonsfoto   Foto: Erling Wåge

Nye artikler

Natt til søndag vart ein 21 år gamal mann teken hand om av politiet etter at han var kranglete og laga bråk i Måløy sentrum.

Det opplyser Vest Politidistrikt.

Han skal blant anna vore lite samarbeidsvillig då politiet skulle roe han ned.

Han slo, sparka og spytta på politiet og var svært utagerande.

Det resulterte i at politiet tok med seg den unge mannen og sette han i arresten på Nordfjordeid i natt.

Det blir oppretta sak mot mannen og han kan vente seg ein reaksjon.