Lokale kulturhus får meir pengar

I Sogn og Fjordane er det 400 lagseigde kulturhus, og mange treng støtte til bygningsmessige tiltak.

Dette bildet er frå renovering av Gravdal skule i Vågsøy.  Foto: Sparebankstiftinga

Nye artikler

I 2016 byrja eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga og Huset i Bygda om økonomiske tilskot til lokale kulturhus. Ordninga har vore svært viktig for å auke både merksemd om og standard på dei lagseigde kulturhusa. Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng etter kvart utbetring og ombygging. Dette arbeidet er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande.

- Ein stor del av aktivitetsauken kan tilskrivast Huset i Bygda sitt arbeid med å rettleie eigarane av kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar med sin store kunnskap om aktiviteten og historia til kulturhusa i fylket, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

- Sparebankstiftinga er svært nøgd med det gode samarbeidet med Huset i Bygda, og har difor vedteke å gje dei ei gåve på kr. 800 000. Dette er ein auke på kr. 150 000 frå 2019, og er eit uttrykk for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt ønske om å vere ein føreseieleg partnar for lokale kulturhus i Sogn og Fjordane.

- Eg er glad for denne tillitserklæringa - og at vi kan fortsette det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga, til det beste for kulturhusa i Sogn og Fjordane, seier Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda.

Gåva vil som før gå til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus, og Huset i Bygda er ansvarleg for å ta i mot og handsame søknadane.

Søknadsfristen vert som tidlegare 15. april. Informasjon om tilskotsordninga vil bli lagt ut på Huset i bygda sine nettsider, samt på Sparebankstiftinga sine nettsider.