Kommunane har søkt om store summar til klimatiltak

Så langt i år har Miljødirektoratet motteke heile 587 søknadar frå kommunar som ønskjer å gjere klimabetrande tiltak.

Mange kommuner har søkt om stønad frå Miljødirektoratet til å gjere klimabetrande tiltak. Fleire av desse ønskjer hjelp til å realisere ein utsleppsfri hurtigbåtteneste.  Foto: Fjordenes Tidende

Nye artikler

– Rekordstor søknadsbunke til klimasatsing frå kommunar i heile landet vitnar om mykje godt, lokalt klimaarbeid. For å omstille Norge til eit lavutslippssamfunn er vi avhengige av at alle bidrar, staten, næringslivet og ikkje minst kommunane. Framover må det gjerast enda meir i norske kommunar for å få ned utsleppa av klimagassar, blant anna med grøne innkjøp og klimavennleg areal- og transportplanlegging, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.