Vil bli eit meir demensvennleg samfunn

Bremanger kommune, ved ordførar Anne Kristin Førde, har inngått ei samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å bli eit meir demensvennleg samfunn.

Ny avtale: Bremanger kommune, ved ordførar Anne Kristin Førde, har inngått ei samarbeidsavtale med Nasjonalforeningen for folkehelsen om å bli eit meir demensvennleg samfunn.   Foto: Privat

Nye artikler

Kampanjen er eit samarbeid mellom Nasjonalforeningen for folkehelsen og norske kommunar, og tek sikte på å tilrettelegge lokalmiljøet slik at også personar med demens lettare kan delta i vanlege kvardagsaktivitetar. Over 130 kommunar deltek allereie, og frå mars 2020 er også Bremanger med

– I dag lever over 77 000 nordmenn med ein demenssjukdom og mange av desse bur framleis heime. Kampanjen rettar seg ikkje til innhaldet i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, men til alle som kan bidra til ein betre kvardag for personar med demens, skriv ordføraren i ei pressemelding.

– Kampanjen går ut på å spreie kunnskap blant tilsette i ulike yrkesgrupper som til dømes i butikkar, bankar, apotek, transport, osv. om kva demens er og korleis gje god service til personar med demens. På den måten kan det bidra til at det vert lettare for personar med demens å utføre vanlege kvardagsaktivitetar. Som til dømes: Å handle, bruke offentleg transport, gå til frisør, handle på apoteket, ta taxi, vere i fysisk aktivitet, bruke kulturaktivitetar til dømes bibliotek, kino og konsertar.

– Eit meir demensvenleg samfunn handlar om å møte personar med demens på ein god måte. Gjennom at fleire i samfunnet kan litt meir om demens, vert det lettare å leve med sjukdomen og resultatet er eit venlegare samfunn for alle.