Vikarlegen var i kontakt med fire pasientar frå Stryn kommune – no har ein av desse testa positivt

Stryn kommune har fått melding om at ein person har testa positivt på covid-19 viruset.

Stryn kommune har fått melding om at ein person har testa positivt på covid-19 viruset. 

Nye artikler

Det er Stryn kommune som melder dette i ei pressemelding.

Ein lege ved Nordfjord sjukehus testa positivt for covid-19 fredag 26.06. Legen gjekk i karantene umiddelbart ved symptomdebut torsdag 25.06 og har ikkje vore i kontakt med pasientar etter onsdag 24.06. I perioden 23. juni og 24. juni har denne legen vore i kontakt med fire pasientar frå Stryn kommune. Pasientane er kontakta av Helse Førde og blitt følgt opp med testing i Stryn. Desse fire pasientane er no i 10 dagars karantene, seier Marius Solbakken som er kommuneoverlege.

Ein person av desse fire nærkontaktane har testa positivt for covid-19 viruset. Vedkomande har kun lette symptom, og har vore i karantene etter dette, opplyser legen.

To har også testa negativt på covid-19 viruset, mens svar på den siste av dei fire testane kjem først i dag, onsdag 1. juli.


Ansatte ved sykehuset brukte ikke munnbind

Jobber med å kartlegge sykepleierens nærkontakter også utenfor arbeidsplassen

Personer den smittede sykepleieren ved Nordfjord sjukehus har hatt nærkontakt med utenfor arbeidsplassen skal også kartlegges.


Ingen andre kommunar har så langt rapportert om nye smittetilfelle etter episoden der ein vikarlege gjekk inn i arbeid ved Nordfjord sjukehus friteken frå karanteneplikta.

Sjukeheimspasient var innlagt

Solbakken opplyser også at ein bebuar ved Vikane omsorgssenter har vore innlagd ved Nordfjord sjukehus i perioden legen var på jobb.

– Denne bebuaren har ikkje blitt vurdert som nærkontakt med legen, men har likevel blitt testa for covid -19 og vore i karantene. I dag 30. juni kom testresultatet og testen var negativ. Vedkomande vil likevel vere i karantene i ti dagar etter utreise frå sjukehuset.

Måndag fekk ein også vite at ein sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus har testa positivt for covid-19.


Ein tilsett har no testa positivt på covid-19 etter å ha blitt smitta av den svenske vikarlegen

Ein tilsett ved Nordfjord sjukehus har testa positivt på covid-19. Testane til pasientane som har vore i kontakt med den smitta svenske legen, er negative.


– Helse Førde vurderer det til at denne sjukepleiaren har blitt smitta av legen som testa positivt fredag. Tre personar frå Stryn er vurdert som nærkontakt med denne sjukepleiaren. To av dei har testa negativt. Den siste blir testa onsdag 1. juli, seier Solbakken og legg til:

– Denne situasjonen er ei påminning om kor raskt dette viruset smittar, også når ein ikkje har symptom. Vi er inne i ei ferietid med mykje reising på kryss og tvers av landet, og med mange både stryningar og turistar i kommunen. Eg ber dykk derfor om å halde fokus på dette:

- God avstand til andre (minst 1 meter)
- God handhygiene
- Halde seg heime ved sjukdomsfølelse

Covid-19 har ofte følgjande symptom; feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle. Kontakt beredskapskontora for vurdering av test om ein ikkje har blitt betre dagen etter symptomdebut.

Legen meiner at barn under 10 år med kun lette symptom på luftveisinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing.

– Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre tegn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje å haldast heime eller testast. Men alle som blir testa bør halde seg heime til negativt prøvesvar ligg føre og dei er symptomfri.